Live Nelvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Live Nelvik

Fødd10. desember 1982 (41 år)
Verka somskodespelar, journalist
FarOdd Johan Nelvik
EktefelleTore Sagen
PrisarGullrutens publikumspris

Live Johnsrud Nelvik (fødd 10. desember 1982) er ein norsk programleiar på radio og TV og skodespelar.

Ho har tidlegare jobba som journalist i Se og Hør og som reporter i P4-programmet Michael direkte. Saman med Kristine Riis har Nelvik vore programleiar for DrillpikeneNRK P3. Frå 2009 til 2013 var ho saman med Ronny Brede Aase programleiar i P3morgen på same kanal. I 2011 var ho programleiar i TV-programmet Dama tilNRK3. For programmet vart ho kåra til «årets TV-namn» under Gullruten 2012. Frå 2013 har ho vore medverkande i humorprogrammet UnderholdningsavdelingenNRK1. Nelvik er for tida programleiar i den vekentlege P3-programmet Lørdagsrådet.

Den 12. august 2013 var ho attende bak mikrofonen i P3morgen saman med Ronny Brede Aase og Silje Nordnes.

Som skodespelar har ho spelt Maria i filmen Kalle og englene som hadde premiere i 1993, der Helge Jordal og Tom Beck Letessier hadde hovudrollene. Nelvik var deltakar i reality-TV-serien Farmen hausten 2004. Ho hadde ei lita rolle i filmen Hjelp, vi er i filmbransjen.

Ho er dotter av Odd Johan Nelvik som var sjefredaktør i Se og Hør frå 1985 til 2008, og ho er gift med programleiar Tore Sagen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «seher.no Forlovet etter ett år». Arkivert frå originalen 22. januar 2012. Henta 18. oktober 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]