Helge Jordal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helge Jordal
Helge Jordal i rollenn som Solve Skald.jpg
Helge Jordal i rolla som Solve Skald
Fødd17. februar 1946 (74 år)
FødestadBergen
Verka somskodespelar, fjernsynsskodespelar
EktefelleFrøydis Armand
BornMatias Armand Jordal
Prisarriddar av St. Olavs Orden, Pernillestatuetten, Amandaprisen for beste mannlige hovedrolle, Amandakomiteens ærespris, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen

Helge Jordal (fødd 17. februar 1946) er ein bergensk skodespelar som er mest kjend for sine tolkingar av Jeppe på bjerget. Han har òg hatt roller i norske filmar som «Orions Belte».

Jordal er framleis aktiv på scena. Han spelar Jeronimus i Holbergs Maskerade haust- og vårsesong 2009-2010.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Helge Jordal vann Amandaprisen i klassen beste mannlege hovudrolle i 1985 for rolla hans i Orions belte. I 2009 vann han òg Amandaprisen sin heiderspris saman med Kjersti Holmen og Sverre Anker Ousdal

Kong Harald V utnemnde den 8. juni 2006 Helge Jordal til riddar av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Han fekk utmerknaden for den lange og omfattande skodespelarkarrieren hans. Sjølve overrekkinga fann stad 20. juni 2006 i Den Nationale Scene Jordal sin heimby, Bergen.

Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.