Loch Leven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Loch Leven
innsjø
Loch Leven Kinross.jpg
Utsyn nord frå Vane Farm
Land Flag of Scotland.svg Skottland
Koordinatar 56°12′N 3°23′WKoordinatar: 56°12′N 3°23′W
Øyar Loch Leven Castle
Wikimedia Commons: Loch Leven, Perth and Kinross

Loch Leven (skotsk-gælisk Loch Lìobhann) er ein innsjø i Perth and Kinross sentralt i Skottland.

Innsjøen er om lag trekanta og er om lag 6 km lang. Landsbyen Kinross ligg ved vestenden. Loch Leven Castle ligg på ei øya i innsjøen. Maria av Skottland vart halde til fange her i 1567. Det går båt til øya frå Kinross om sommaren.

Før River Leven vart kanalisert og innsjøen delvis vart drenert på 1800-talet, var Loch Leven langt større. Då vassnivået fall kom fleire øyar til synet og dei som alt fanst, vart òg større.

Det vart gjort fleire funn under dreneringa, mellom anna eit septer, «visstnok av sukkerrøyr, festa med elfenbein og sølv, der orda 'Mary, dronning av skottane', stod å lese.»[1] Det vart funne nær Mary Knowe, der ho visstnok gjekk i land etter å ha rømd frå borga.

St Serf's Inch er den største av sju øyar i Loch Leven og her budde det ein gong ein culdee og så eit klostersamfunn av augustinarar.

Loch Leven er eit nasjonalt naturreservat, samt stad av særskild vitskapleg interesse og særskild verneområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ancient Relics». Bell's Weekly Messenger. 3. april 1831. Henta 24. august 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Loch Leven