Loch Tay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Loch Tay
innsjø
ved Kenmore (om våren)
Land  Skottland
Tilsig Dochart, Lochay
Lengd 23 km
Areal 26,4 km²
Største djupn 150 m
Koordinatar 56°30′56″N 4°08′46″WKoordinatar: 56°30′56″N 4°08′46″W
Byar Killin, Kenmore, Lawers
Kart
Loch Tay
56°30′56″ N 4°8′46″ W
Wikimedia Commons: Loch Tay

Loch Tay (skotsk-gælisk Loch Tatha) er ein innsjø sentralt i Dei skotske høglanda i Skottland, i distriktet Perthshire.

Han er ein lang og smal innsjø med ei lengd på 23 km og ei breidde på kring 1,5-2 km. Han er den sjette største innsjøen i Skottland ut frå areal og over 150 meter djup på det djupaste.

Ben Lawers på nordsida er med ei høgd på 1214 meter over havet det 10. høgaste fjellet på Dei britiske øyane.

Restaurert crannóg i Loch Tay

Killin ligg ved enden av innsjøen og Kenmore ved utløpet til River Tay. Dei mindre busetnadane Acharn, Ardeonaig og Ardtalnaig ligg på sørsida av innsjøen, medan Fearnan og Lawers ligg på nordsida. Innsjøen får vatn frå elvane Dochart og Lochay, samt fleire mindre elvar.

Det er populært med laksefiske i innsjøen.

Innsjøen og området rundt er omtalt i den tradisjonelle skotske 'Loch Tay Boat Song'.

I jernalderen budde folk på menneskeskapte øyar i innsjøen, kalla crannogs. Ein har funne meir enn 20 slike crannogs, som i dag ligg under vatn. Ein crannog er gjennoppbygd sør i innsjøen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]