Ben Lawers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ben Lawers
Munro, marilyn
Ben Lawers sett frå Beinn Ghlas
Land  Skottland
Topp Perth and Kinross
 - høgd 1 214 moh.
 - Primærfaktor 909 m
Kart
Ben Lawers
56°32′42″ N 4°13′15″ W
Wikimedia Commons: Ben Lawers

Ben Lawers (gælisk Beinn Labhair) er eit av dei høgaste fjella sør i Dei skotske høglanda. Det ligg på nordsida av Loch Tay, og er det høgaste punktet langs ein rygg med sju Munroar. Ein trudde lenge at Ben Lawers var over 4000 fot, men nøyaktige målingar i 1870-åra viste at det var 17 fot for kort. I 1878 vart det bygd ein stor varde på toppen i håp om å bringe toppen over det «magiske» talet. Varden er ikkje lenger der, og vert uansett ikkje teken med i målinga av høgda sidan han er ein kunstig struktur. Fjellet er det høgaste punktet i Perth and Kinross med ei høgd på 1214 meter over havet.

Det meste av sørsida av Ben Lawers har sidan 1950-åra vore underlagt National Trust for Scotland. Det har òg status som nasjonalt naturreservat med fleire sjeldne fjellplanter. Det vert av botanikarar rekna for eit av de rikaste områda for alpin fauna i Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]