Loch Veyatie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch Veyatie
innsjø
Område Skottland
utløp Uidh Fheàrna

Loch Veyatie (gælisk Loch Mheathadaidh) er ein stor innsjø nordvest i Skottland. Han strekkjer seg 6 km nordvestover frå Elphin og ligg mellom Suilven og Cùl Mòr. Innsjøen har ei djupne på ned mot 30 meter.

Grensa mellom Ross-shire og Sutherland går langs innsjøen.

Det er mykje brunaure og røye.

Loch Veyatie har utløp i vest med Uidh Fheàrna, ein saktegåande kanal som munnar ut i Fionn-loch.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]