Suilven
Utsjånad
| Suilven | |||
| Sula Bheinn | |||
| Graham, marilyn | |||
Suilven: Meall Meadhonach (nærast) og Meall Beag (bakom) frå nordvest, august 2009 | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Topp | Inverpolly | ||
| • høgd | 731 moh. | ||
| • Primærfaktor | 496 m | ||
![]() Suilven 58°06′54″N 5°08′13″W / 58.115°N 5.1370694444444°W | |||
| Wikimedia Commons: Suilven | |||
Suilven (skotsk-gælisk Sula Bheinn) er eit av dei mest særprega fjella i Skottland. Det ligg i eit aude område vest for Sutherland og stig nesten rett opp frå eit landskap av lyngheier, myrer og innsjøar, kalla Inverpolly nasjonale naturreservat.
Fjellet har ein 2 km lang bratt rygg. Det høgaste punktet på 731 meter over havet, kalla Caisteal Liath («det grå slottet» på skotsk-gælisk), ligg nordvest på denne ryggen. Det er to andre toppar: Meall Meadhonach i midten med ei høgd på 723 meter over havet, medan Meall Beag ligg i sørvest.
Frå kysten i vest ser Suilven ut som ein stor grå påle.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Den imponerande nordvestsida av Suilven
- Suilven frå Glencanisp Lodge-stien.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Suilven» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2011.
