Lofotmuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Lofotmuseet i Kabelvåg

Lofotmuseet er eit museum som ligg ved Kabelvåg i Vågan kommune. Museet er regionsmuseum for Lofoten og er ein del av Museum Nord og Kystverkmusea.

Ved museet kan besøkjande oppleve autentiske miljø frå 1800-talet, og sjå ei samling av nordlandsbåtar, rorbuer, gamle båtmotorar og handle i ein suvenirbutikk. Her er det også demonstrasjonar av båtbygging og tradisjonelt handarbeid. Museet er bygd opp rundt ein gamal væreigargard, Storvågan, som var eit av dei største fiskeværa i Lofoten på 1800-talet. Det går ein kulturminnesti frå museet til Kabelvåg.[1]

Museet ligg éin km frå Kabelvåg sentrum. Avkøyring går frå E 10 til Storvågan.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Lofotmuseet». lofoten.com. Henta 6. oktober 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]