Loft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Loft på Heddal bygdetun

Eit loft er øvste etasje eller rom i eit hus. Ordet kan også brukast om sjølve taket i eit rom.

Loft er også ein tradisjonell bygningstype med to etasjar og rom under taket, ofte med svalgang. Bygningstypen fanst i Noreg allereie i tidleg mellomalder. Dei fleste lofta har eit rom i kvar etasje, men kan også ha fleire. Dei kan ha svalgang i gavlen framføre den øvste etasjen, men ofte går han rundt heile bygningen. Det er ei trapp utanpå huset opp til svalen, og kvart rom har eigen inngang.

Den øvste etasjen har i enkelte tilfelle vore gildestove, men som regel var han brukt til oppbevaring av kister og klede og var sengekammer for gjester og andre. Underetasjen var lagerrom for mat og anna, og dei enkelte romma vart kalla bu eller bur, i tidleg mellomalder også skemma.

Særleg i Telemark og Numedal er det bevart mange loft som er bygd i det næraste hundreåret før Svartedauden. Loftet var gjerne det staseligaste huset på garden. Døme er dobbeltlofta på Kravik i Nore, Finnesloftet på Voss og Stave-loftet i Hallingdal.

På 1600- og 1700-talet vart det vanleg å sette lofta på ein stolpekonstruksjon som heva dei over marka. Også mellomalderlofta vart gjerne bygd om, men i Setesdal er det bevart fleire mellomalderloft som er fundamentert på den oppghavlege måten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]