Logaritmisk dekrement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Logaritmisk dekrement er eit mål for kor fort dempa svingingar minkar. Han er lik den naturlege logaritmen til forholdet mellom to suksessive utslag til same side:

der x(t) er amplituden ved tida t og x(t+nT) er amplituden ved tida n periodar unna, der n er eit heiltal som syner til kor mange suksessive utslag ein har hatt til same side.

Dempingsforholdet finn ein så frå det logaritmiske dekrementet:

Dempingsforholdet kan så nyttast til å finne den naturlege frekvensen ωn til vibrasjonen til systemet frå den dempa, naturlege frekvensen ωd:

der T, er perioden til bølgjeforma, tida det tar mellom to suksessive utslag i eit underdempa system.

Metoden med logaritmisk dekrement vert mindre og mindre nøyaktig når dempingsforholdet passerer kring 0,5. Han gjeld ikkje i det heile for dempingsforhold større enn 1,0 fordi systemet då er overdempa.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]