Lokalavisa NordSalten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lokalavisa NordSalten
TypeAvis
Grunnlagd1996
Nettstadhttps://nordsalten.no/

Lokalavisa NordSalten (med det lulesamiske namnet Bájkkeavijssa NuorttaSáltto) er ei norsk lokalavis som dekkjer Steigen og Hamarøy kommunar i Nordland. Avisa vart grunnlagd i 1996 og den første utgåva kom ut den 5. januar same år. Hovudkontoret ligg på Innhavet i Hamarøy. Ansvarleg redaktør er Børge Strandskog (sidan 1996). Avisa blir gjeven ut på bokmål, med ein lulesamisk del på fredagar.[1]

Allereie den 27. mai 1982 kom det ut eit prøvenummer av Lokalavisa NordSalten. Utgåva inneheldt ein lulesamisk del skriven av Sven-Roald Nystø. Endå eit prøvenummer vart gjeve ut i 1983 og det vart starta ordinær drift i 1984 fram til oktober 1985 då avisa gjekk konkurs.[2] Drifta starta opp att i 1996. Lokalavisa Nord-Salten kom fyrst ut 5. januar 1996 etter initiativ frå redaktør Børge Strandskog og Trond Elsbak.[2]

Opplag[endre | endre wikiteksten]

Stadfesta netto opplagstal frå Norsk Opplagskontroll og Landslaget for lokalaviser.[3]

  • 2004: 2 465
  • 2005: 2 624
  • 2006: 2 581
  • 2007: 2 536
  • 2008: 2 428
  • 2009: 2 723
  • 2010: 2 655
  • 2011: 2 871
  • 2012: 2 838
  • 2013: 2 847
  • 2014: 2 789
  • 2015: 2 872
  • 2016: 2 649
  • 2017: 2 612

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fakta om samiske språk». Regjeringen.no. 3. november 2014. Arkivert frå originalen 31. august 2018. Henta 29. oktober 2017. 
  2. 2,0 2,1 «Samler på lokalavisa». Lokalavisa NordSalten. 7. januar 2010. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 24. februar 2013. 
  3. Årets tal blir publiserte på LLAs nyhetssider, eldre tal er tilgjengelege på nett: 2004-2005 Arkivert 16. mars 2007 på Wayback Machine., 2006-2007 Arkivert 24. juli 2011 på Wayback Machine., 2008[daud lenkje], 2009[daud lenkje], 2010[daud lenkje] (vitja 27. februar 2011)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]