Lola Mora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lola Mora

Statsborgarskap Argentina
Fødd 17. november 1866
Trancas Department, El Tala
Død

7. juni 1936 (69 år)
Buenos Aires

Yrke bilethoggar, kunstmålar
Lola Mora på Commons

Dolores Candelaria Mora Vega (17. november 18667. juni 1936), profesjonelt kjend som Lola Mora, var ein bilethoggar fødd i San Miguel de Tucumán i Argentina. Ho er kjend i dag som ein opprørar og ein pioner for kvinner innan sitt kunstnariske felt.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dolores var dotter av Romualdo Alejandro Mora, ein velståande landeigar i Tucumán-provinsen av spansk opphav, og Regina Vega. Ho var den tredje av sju barn, tre gutar og fire jenter. Foreldra hennar ville at også døtrene deira skulle ha best mogleg utdanning, ei uvanleg haldning på denne tida. I 1870, då Lola var fire år gammal, flytta foreldra hennar familien til San Miguel del Tucumán. Då ho var sju år blei ho internatskuleelev ved Colegio Sarmiento de [Tucumán]. I 1885 døydde begge foreldra hennar i løpet av to dagar. Den eldre systera hennar, Paula Mora Vega, gifta seg med ingeniøren Guillermo Rucker, og dei tok seg av dei foreldrelause barna.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Mora i atelieret sitt i 1903

Då ho var 20 byrja ho å måla portrett, men etter kort tid gjekk ho over til å laga skulpturar i marmor og granitt. Ho studerte kunst i heimprovinsen og drog så, ved hjelp av eit stipend, til Roma i Italia, der ho studerte under Costantino Barbella og Giulio Monteverde.[1] I 1900 vende ho tilbake til Argentina. Ved hjelp av offentlege kontaktar fekk ho ein kommisjon til å skapa to basrelieff til det historiske huset i Tucumán.

Etter kvart som karrieren hennar utvikla seg, gjorde den sensuelle stilen hennar og statusen hennar som kvinneleg kunstnar henne kontroversiell. I 1903 fekk fontena hennar Nereider, som blei laga for byen Buenos Aires, byråkratiske problem som førte til at skulpturen blei flytta frå stad til stad.

Mora tok ulike patent. Eit av dei var eit system for å projisera filmar utan ein skjerm, og bruka ei søyle av damp i staden. Ho tok også patent på system for gruvedrift.[2]

Nær slutten av livet gjorde ho nokre ekstravagante investeringar (som leiting etter petroleum i Salta), og trekte seg så tilbake med berre ein liten pensjon. Etter at ho døydde i Buenos Aires, fattig og gløymd, brann vennene hennar brev, minne og personlege dagbøker.


Mora blei skildra i filmen Lola Mora frå 1996, regissert av argentinske Javier Torre.[3]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Verka til Mora omfattar (i Buenos Aires om ikkje anna er oppgjeve):

  • to bassrelieff ved Tucumán-huset, med tema frå det fyrste nasjonale regjeringa etter Mayrevolusjonen og sjølvstendeerklæringa, 1900
  • Nereide-fontena, no ved Puerto Madero, 1903
  • to store skulpturgrupper ved inngangen til, og andre interiør- og eksteriørverk ved Palasset til den argentinske nasjonalkongressen, innvigd i 1906 (fire allegoriske skulpturar av Fred, Rettferd, Fridom og Framskritt blei flytta til utsida av styresmakthuset i San Salvador de Jujuy)
  • fleire skulpturgrupper plasserte langs «eidspassasjen» i det historiske sentrumet av Rosario som fører til nasjonalflaggmonumentet der
  • kvinnefigur for krypta til Ramon Lopez Lecube, La Recoleta Cemetery, circa 1912[4]
  • Avellaneda-minnesmerket, Plaza Alsina, Avellaneda, 1913
  • Fridom, Sjølvstendeplassen, San Miguel de Tucumán
  • Monument til Francisco Narciso de Laprida, San José de Jáchal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Encyclopedia of Contemporary Latin American and Caribbean Cultures, edited by Daniel Balderston, Mike Gonzalez, Ana M. Lopez, 2002, page 994
  2. «Los mejores inventos argentinos de la historia». Arkivert frå originalen 6. oktober 2011. Henta 4. august 2022. 
  3. http://www.lanacion.com.ar/1054987-javier-torre-refleja-la-violencia-actual (Spanish-language)
  4. City of Angels: The History of Recoleta Cemetery : a Guide to Its Treasures, OLMO Ediciones, 2002, page 71

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]