Mairevolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mairevolusjonen, spansk La Revolución de Mayo, var den første framstøyten for sjølvstende i visekongedømet Río de la Plata, som omfatta dagens Argentina, Bolivia, Paraguay og Uruguay.

Den 13. mai 1810 stadfesta ein britisk fregatt i Montevideo rykta som svirra i Buenos Aires om at Napoleon den første hadde invadert Spania, fanga og avsett kong Ferdinand den sjuande, som vart erstatta av Joseph Bonaparte, den eldre broren til den franske keisaren. Dette betydde at den spanske kongemakta var overført til regentrådet i Cádiz, som var omringa av franske troppar. Stoda var klår: Med autoriteten til viseregentskapen borte, var det eit makttomrom.

Den 25. mai 1810 vart den første juntaen skipa i Buenos Aires, og dei fjerna visekongen Baltasar Hidalgo de Cisneros frå makta. I 1816 vann Argentina sjølvstendet sitt frå den spanske krona.

I dag blir El Día de la Revolución de Mayo (Mairevolusjonsdagen) 25. mai feira kvart år for å minnast desse viktige hendingane i argentinsk historie. Hendingane veka føre denne dagen blir kalla La Semana de Mayo (Maiveka).