Hopp til innhald

Lolland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lolland
Geografi
StadAustersjøen
Koordinatar54°46′10″N 11°25′28″E / 54.76944°N 11.42444°E / 54.76944; 11.42444
Areal1 243 km²
Administrasjon
LandDanmark
KommuneLolland kommune og Guldborgsund kommune
Største busetnadNakskov (15 500 innb.)
Demografi
Folketal68 224 (2006)
Folketettleik55 /km²

Lolland (tidlegare stava Laaland) er den fjerde største øya i Danmark med eit areal på 1 243 km². Ho ligg i Austersjøen. Lolland er delt i to kommunar; Lolland kommune og Guldborgsund kommune.

Den høgaste toppen på heile øya er berre 25 meter høg, og var ein viktig stad for kommunikasjon for tyskarane under den andre verdskrigen. Toppen ligg like utanfor landsbyen Horslunde. Tidlegare voks det raudbete på øya.

Den største tettstaden på Lolland er Nakskov, med 15 500 innbyggjarar. Andre tettstadar er mellom anna Maribo, Sakskøbing (som var hovudstad i Danmark i ein toårsperiode på 1400-talet) og Rødby.

Styresmaktene i Danmark og Tyskland planlegg å knyta Lolland til den tyske øya Fehmarn via Fehmarnbæltbrua. E47 frå København kryssar Guldborgsund mellom Lolland og Falster via ein moderne tunnel, men motorvegen endar for tida ved Rødby, der ei ferje tar bilane over til Fehmarn. To eldre bruer går òg over sundet mellom Lolland og Falster, Frederik IX-brua og Guldborgsundbrua nord i sundet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]