Erik Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lommemannen)
For den danske samnemningen, sjå sjakkspelaren Erik Andersen.
Erik Andersen
Fødd 20. mars 1952 (70 år)
Bergen
Straff 9 års forvaring
Kriminell status Dømd for seksuelle overgrep

Erik Andersen (fødd 20. mars 1952) blei i 2010 dømd for seksuelle overgrep mot mindreårige gutar i store delar av Sør-Noreg på 1990-talet og fram til 2007. Under etterforskinga blei han av politiet og media kalla «Lommemannen», fordi han skal ha lurt gutar til å kjenna etter ting i lommene hans. I januar 2008 hadde politiet oversyn over 160 tilhøve dei meinte «Lommemannen» stod bak. Kripos meinte om lag 300-400 unge gutar hadde vore utsett for gjerningsmannen.

Rettsoppgjer[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av januar 2008 blei Erik Andersen arrestert og sikta for å vere «Lommemannen». Den første forsvarsadvokaten hans var Tor Erling Staff. Han bytte i slutten av april 2008 til advokat Gunhild Lærum.

24. august 2009 blei tiltalen mot Andersen offentleggjord. Tiltalen omfatta til saman 66 ulike overgrep eller forsøk på overgrep. Dei to mest alvorlege tiltalepunkta gjaldt handlingar som blir likestilt med valdtekt, mot gutar på 7 og 11 år. Desse to og 11 andre tiltalepunkt gjaldt også seksuell omgang med barn under 14 år. I tiltalen var elles eit fleirtal av tiltalepunkta beskrive som forsøk på straffbar handling.

Rettssaka starta i Follo tingrett 2. november 2009. Saka blei avslutta i juni 2010. Andersen blei den 14. juni 2010 dømd til 9 års forvaring med ei minstetid på 6 år, i tråd med aktor sin påstand. Han blei dømd for overgrep mot 66 gutar, mellom anna eitt tilfelle av valdtekt av ein sju år gammal gut i Hordaland,[1] og fleire brot på våpenlova. I vurderinga av om Andersen skulle få forvaringsstraff, som betyr fengsel på ubestemt tid, la retten vekt på at Andersen hadde fått diagnosen pedofil av dei psykiatrisk sakkyndige, som meinte det er stor fare for at han vil kunne begå nye seksuelle brotsverk.[2] Andersen blei òg dømd til å betale 2,5 millionar i erstatning til gutane, i tillegg til ein halv million i sakskostnadar.

Andersen soner i Ila fengsel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjørge, R. & Madsen, E. (14. juni 2010). «Dømmes til ni års forvaring». NRK Hordaland. 
  2. Tommelstad, B., Hammerstad, K., Ravndal, D. & Lundh, F. (14. juni 2010). VG https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/qjkqm/derfor-doemmes-lommemannen-til-forvaring.