Tor Erling Staff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tor Erling Staff
Staff 01 (cropped).jpg
Fødd 22. februar 1933
Oslo
Død

22. juli 2018
Smestad

Yrke advokat, programleiar
Tor Erling Staff på Commons

Tor Erling Staff (22. februar 193322. juli 2018)[1] var ein norsk jurist og sakprosaforfattar frå Oslo. Han var også kjend som ein kontroversiell samfunnsdebatant.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Staff blei cand.jur. i 1958 og tok også utdanning i USA. Han var formann i Det Norske Studentersamfund i 1956, og var redaktør for jubileumsboka som kom ut i samband med 150-års-jubileet til samfunnet i 1963. Han var direktør for Den norske Forleggerforening i perioden 1966 til 1970.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Frå 1967 var Staff høgsterettsadvokat. Han var også fast forsvarar ved Oslo tingrett frå 1967 til 2003.[2]

Staff verka som forsvarar for klientar tiltalt for ei rekkje ulike brotsverk - «nynazister, pedofile, drapsmenn, voldsmenn og pornografer».[2] Han omtalte seg sjølv fleire gonger som djevelens advokat. I samfunnsdebatten forsvarte han også kontroversielle synspunkt som legalisering av narkotika, avskaffing av seksuell lågalder, innføring av offentlege bordell og aktiv dødshjelp.[2]

Frå 1994 til 1995 var han programleiar i debattprogrammet Lønning og Staff på TV 2 saman med Per Ståle Lønning.[2]

Hausten 2005 blei Staff omtalt i media i samband med ei sak om korrupsjon som impliserte klienten hans, John Sandstrøm, direkte og Staff sjølv indirekte.[3]

[2]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Staff var gift med Hilde Børresen frå 1958 til 1971, og hadde to søner. Den eine, Trygve Staff, vart tilsett ved same advokatkontor som faren og blei etterkvart partnar.[4] I juni 2005 inngjekk Staff eit registrert partnerskap med ein mann.[5]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ording, Oda. «Tor Erling Staff er død». NRK (bokmål). Henta 22. juli 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 https://www.dagsavisen.no/innenriks/advokat-tor-erling-staff-er-dod-1.1176308. 
  3. Dagens Næringsliv: Selger falske legeerklæringer til kriminelle, publisert 29. oktober 2005
  4. http://www.advokat-staff.no/The-Staff/Trygve-Staff . Vitja 2018-07-22
  5. Sørheim, Ingjald Ørbeck (13. februar 2009). Tor Erling Staff. Norsk biografisk leksikon.