Lord Howe-øya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lord Howe-øya
øy
LordHoweIslandFromKimsLookout.jpg
Wikimedia Commons: Lord Howe Island

Lord Howe-øya er ei øy i Australia. Ho ligg i Tasmanhavet, rundt 600 km aust for det australske fastlandet. Administrativt tilhøyrer øya delstaten New South Wales. Ho har eit areal på 14,6 km² og rundt 350 innbyggjarar. I tillegg til dei faste bebuarane kan det maksimalt vera 400 turistar på øya til eikvar tid.

Øya er halvmåneforma, rundt 10 km lang og 1,5 km brei. Ho består av ein erodert rest av ein 6,9 millionar år gammal vulkan. Eit korallrev og ein lagune ligg verna til på innsida av halvmåneforma.

Lord Howe-øya blei oppdaga i februar 1788 av HMS «Supply», under befal av løytnant Lidgbird Ball, som var på veg til Norfolkøya med fangar for å oppretta ein busetnad der. Øya var ikkje folkesett, og fekk namn etter ein engelsk admiral. Den første busetnaden blei danna i 1833.

Sidan 1982 har øya vore på verdsarvlista, på grunn av det sjeldne dyre- og plantelivet der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 31°05′S 159°01′E