Losje Magnus den Gode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Losje Magnus den Gode er namnet til fråhaldsorganisasjonen IOGT sitt lokallag i Trondheim.

Losje-namnet stammar frå tida då IOGT var ein orden med ulike gradar og ritual. IOGT er no ein organisasjon. Fleire lokallag i IOGT har slutta med alle ritual, men i Trondheim nyttar dei framleis tradisjonelle titlar og prosedyrar ved til dømes møte og sakshandsamingar.