Lough

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lough Derg i Munster

Ein lough er ein innsjø på Irland eller i England, medan ein sea lough kan vere ein fjord, elvemunning, bukt eller vik.

Det vert òg nytta som eit etternamn, men med forskjellige uttalingar: law, loch, low, lowe, loth.

Lough er ei irsk-engelsk form av det gamalirske ordet loch, som tyder innsjø eller bukt. Forma Loch vert òg nytta på irskengelsk eller skotskengelsk. Lough vert òg nytta om innsjøar lengst nord i England.

Lough i Irland[endre | endre wikiteksten]

Glendalough tyder «Skaret mellom dei to innsjøane»

Nesten alle innsjøar og vatn på Irland vert kalla «lough» på den angeliserte forma. Lough Neagh i Ulster er den største innsjøen på Dei britiske øyane. Dei tre innsjøane langs elva Shannon er Lough Allen, Lough Ree og Lough Derg. Den øvre og nedre Lough Erne er to etterfølgjande innsjøar i Fermanagh, eit område som ofte vert kalla «innsjødistriktet på Irland». For andre loughs på Irland, sjå Innsjøar på Irland.

Av sea loughs finn ein Lough Swilly og Lough Foyle.

Lough i England[endre | endre wikiteksten]

Nord i England vert lough nytta om enkelte innsjøar og andre stadnamn. Mange av desse ligg i nærleiken av Hadrians mur og i Lake District.

I etternamn[endre | endre wikiteksten]

Lough er i seg sjølv eit irsk etternamn, og inngår i fleire forskjellige former, som Loughan, Lougheed, Loughlin, Loughman, Loughnan, Loughnane, Loughney, Loughran og Loughrey.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]