Hopp til innhald

Louis Blériot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louis Blériot

StatsborgarskapFrankrike
Fødd1. juli 1872
Cambrai
Død

1. august 1936 (64 år)
Paris

Yrkeflygar, ingeniør, oppfinnar, luftfartsingeniør, forretningsdrivande
Språkfransk
Medlem avLégion d'honneur D.P.L.V.[*]
EktefelleAlice Védère
Louis Blériot på Commons
Louis Blériot i sjølvbygd fly.

Louis Blériot (1872–1936) var ein fransk flygar og flyinstruktør. I 1909 vart han den første som flaug over Den engelske kanalen.

Det første flyet hans, Canard, vart bygd i 1907. Blériot utvikla styreorgana om lag slik som dei er i dag, med stikke for høgderor, og balanseror og pedalar for sideror. 25. juli 1909 vart han vidkjend for å ha gjennomført den første flyginga over Den engelske kanalen, frå Baraques til Dover.

Blériot er tuftaren av flyfabrikken Blériot Aéronautique, som var ein av dei største som fanst i Frankrike i mellomkrigstida. Det var denne flyfabrikken som bygde flyet som Tryggve Gran tok i bruk under Nordsjøflyginga si i juli 1914.

  • Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Bind. 2. Ben-Ch. Oslo: Kunnskapsforlaget. 1978-1984. ISBN 82-573-0013-6