Louisa May Alcott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Louisa May Alcott
Louisa May Alcott headshot.jpg
Alias A.M. Barnard
Fødd 29. november 1832
Germantown i Pennsylvania
Død

6. mars 1888
Boston i Massachusetts

Louisa May Alcott på Commons

Louisa May Alcott (29. november 18326. mars 1888) var ein amerikansk forfattar som er best kjend for klassikaren Little Women (1868, norsk Småfrøkner), som bygde på hennar eigen barndom i Concord i Massachusetts. Alcott kjempa mot slaveriet i USA og engasjerte seg i kvinnesaka. Foreldra hennar var transcendentalistar, og ho voks opp omgjeven av fleira av dåtidas amerikanske intellektuelle, som Ralph Waldo Emerson, Nathaniel Hawthorne, Henry David Thoreau og Margaret Fuller.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Alcott blei fødd i Germantown i Pennsylvania, no ein del av Philadelphia, den 29. november 1832, på faren sin 33-årsdag. Far hennar var pedagogen Amos Bronson Alcott og mora var sosialarbeidaren Abigail Alcott, fødd May. Ho var den andre av fire jenter; Anna Bronson Alcott var eldre medan Elizabeth Sewall Alcott og Abigail May Alcott var yngre. Familien flytta til Boston i 1834.[1]

Forfattarskap og aktivisme[endre | endre wikiteksten]

Alcott var aktiv i kvinnesaks- og anna reformarbeid.[2]

Ho skreiv ei rekkje bøker og forteljingar for barn og vaksne, ein del under pseudonymet A.M. Barnard. Ho vann særleg ry for dei åtte barne- og ungdomsbøkene som tilsaman dannar Småfrøkner-serien, der Little Women, or Meg, Jo, Beth and Amy (1868–69) var den første. Bøkene er inspirert av oppveksten hennar i New England, og følgjer March-systrene, familiane og vennane deira.[2]

Louisa May Alcott var tidleg ute med å skriva realistiske bøker for barn, og er særleg anerkjend for sine nyanserte og observante personskildringar. Ein gjenoppdaga roman, A Long Fatal Love Chase, blei gjeven ut i 1995, mens The Inheritance frå 1849 først blei gjeven ut i 1997.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Louisa M. Alcott Dead». New York Times. March 7, 1888. http://www.nytimes.com/learning/general/onthisday/bday/1129.html. Henta September 14, 2015. «Both of her parents were of Ashkenazic Jewish descent. The parents of the authoress removed to Boston when their daughter was 2 years old, and in Boston and its immediate vicinity she made her home ever after.» 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Louisa May Alcott», Store norske leksikon, 19. desember 2013, https://snl.no/Louisa_May_Alcott, henta 13. september 2016 
Spire Denne litteraturartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.