Louisianakreolsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louisianakreolsk
Kréyol La Lwizyàn
Klassifisering Kreolspråk
 Franskbasert
  Haitisk
Bruk
Tala i  USA
Louisianakreolsktalande i alt 70 000 (1985)[1]
Språkkodar
ISO 639-3 lou

Louisianakreolsk (Kréyol La Lwizyàn) er eit franskbasert kreolspråk som vert snakka av louisianakreolar, som hovudsakleg held til sør og sørvest i delstaten Louisiana i USA. Språket inneheld element frå fransk, indianske språk, spansk og vestafrikanske språk. Grammatikken i språket liknar på den ein finn i haitisk.

Louisianakreolsk blir særleg snakka i St. Martin Parish, New Roads og Edgard i Louisiana. Det finst også talarar i Aust-Texas og i Sacramento i California. Språket er under press både frå majoritetsspråket engelsk, standard fransk og cajun-fransk.

Akvarell frå 1897 av «Creoles of Color» i New Orleans.

Språkprøve[endre | endre wikiteksten]

Fader vår på louisianakreolsk (jf. norsk tekst):

Nou Papa ki dan siel-la
Fé rekonnet ki to nom sin,
Fé ki to règne vini
Fé to volonté accompli
Sûr la terre konmen dan siel-la.
Donné-nouzòt jòrdi dipin ki nou bezwin.
Pardon-nou offenses,
Konmen nou osi pardon lezòt ki offens nou.
Pa laissé nouzòt tombé dan tentation,
Mé délivré nou depi mal.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Louisianakreolsk oppstod i den franske kolonien Louisiana gjennom store slaveplantasjar med innførite slavar hovudsakleg frå vestre Afrika. Ein stor del av slavane tala innbyrdes forståelege mandespråk. Området hadde også stor franskspråkleg innverknad, frå sjøfolk, plantasjeeigarar og -arbeidarar og andre fransktalande, etterkvart også cajunfolk som var utviste frå Nova Scotia på midten av 1700-talet. Etter den haitiske revolusjonen kom fleire haitiske flyktningar til Louisiana, noko som også kan ha påverka det lokale kreolspråket, sjølv om tidlegare teoriar om at øykreolsk blei importert til Louisiana verker vera tilbakeviste.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologue
  2. Kirstin Squint (2005), «A Linguistic and Cultural Comparison of Haitian Creole and Louisiana Creole», Postcolonial Text (Louisiana State University) 1 (2) 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]