New Orleans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
New Orleans overfløymd i slutten av august 2005

New Orleans er den største byen i delstaten Louisiana i Sambandsstatane (USA). Folketeljinga i 2000 kom fram til at byen har 484 674 innbyggjarar. I heile tettstaden med forstader var det 1337 726 innbyggjarar. Byen ligg ved enden av Mississippielva, der elva renn ut i Mexicogolfen.

Sentrum av byen ligg på den nordlege stranda av Mississippielva. Byen brer seg ut fram til innsjøen Lake Pontchartrain. Byen ligg delvis under havnivå og til og med delvis under Mississippielva sitt nivå. For å hindra flaum er det bygd eit system av demninger og dike.

New Orleans har den største hamna i den sørlege delen av USA. Mestedelen av næringsverksemda i byen er knytt opp mot hamna og handelen der. Handel skjer mellom anna med Mexico og øyane i Karibia. Offshore petroleumsverksemd er òg viktig for økonomien i området. Byen er kjend som staden der musikkstilen jazz utvikla seg. Byen er kjend som ein stad for moro og folkeliv. I samband med Mardi Gras vert det skipa til eit stort karneval.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

New Orleans vart bygd opp av franskmenn frå 1718 under namnet La Nouvelle Orléans, eller Ny-Orléans. Under krigen mellom Storbritannia og USA frå 1812 til 1815 stod det i 1815 eit avgjerande slag ved byen. I slutten av august 2005 vart byen sterkt øydelagd i samband med orkanen Katrina. Dika kring byen vart oversvøymd, og mestedelen av byen vart overfløymd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: New Orleans
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.