Luanda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Luanda
Horisonten til Luanda
Styresmakter
Land Angola
Grunnlagd 1575
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

4.799.432
  3,458.73/km²
Koordinatar 8°50′18″S 13°14′4″EKoordinatar: 8°50′18″S 13°14′4″E
Høgd over havet 6 m
Tidssone UTC +1 (UTC1)

Luanda er hovudstaden i Angola og den største byen i landet med kring 4,8 millionar innbyggjarar (2007).

Byen vart grunnlagd av portugisarar i 1575 under namnet São Paulo de Luanda. Byen har vore administrasjonsstad for landet frå 1627 (med unntak av åra 1640-1648). Frå midten av 1500-talet til midt på 1800-talet var byen utskipingshamn for slavehandelen til Brasil.

Utsyn over Luanda

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Luanda er delt i to delar - Baixa de Luanda ('låge Luanda' eller gamlebyen) og Cidade Alta ('øvrebyen' eller den nye delen). Baixa de Luanda ligg ved sida av hamna, og har tronge gater og gamle bygningar frå kolonitida.[1] Nyare byggmasse har dekka store område utanfor desse to tradisjonelle delane, og fleire stader som tidlegare var fråskilde — som Viana — er no del av storbyen.

Luanda Sul er ein satellittby til Luanda. Ei lita elv som har utspring nær Quatro de Fevereiro lufthamn renn gjennom sørlege Luanda Sul og ut i Atlanterhavet.[2] Luanda International School ligg i Viana.[2]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Luanda er utgangspunktet for Luanda-jernbanen som går aust til Malanje. Den angolanske borgarkrigen førte til at jernbanen slutta å vera verksam, men sidan krigen slutta er han blitt restaurert til Dondo og Malanje.[3]

Hovudflyplassen i Luanda og den største i landet er Quatro de Fevereiro lufthamn. Ein ny internasjonal flyplass, Angola internasjonale lufthamn, er blitt planlagd søraust for byen, nokre kilometer frå Viana. Flyplassen skulle ha opna i 2011.[4] Etter at dei angolanske styresmaktene slutta å betala den kinesiske verksemda som stod for konstruksjonen, enda arbeidet i 2010.

Hamna i Luanda er den største i Angola, og bind landet saman med resten av verda. Det har også gått føre seg arbeid med å utvida hamna.[5] I 2014 byra ein utvikla ei ny hamn i Dande, rundt 30 km nord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. MBRO%20de%202010.pdf Streets of Luanda from the Luanda Provincial Government website (daud lenkje) new pictures from Luanda City (Portuguese)
  2. 2,0 2,1 «Google Maps». maps.google.com. Arkivert frå originalen den 2009-08-07. Henta 2016-02-07. 
  3. «China International Fund Limited». Chinainternationalfund.com. Arkivert frå originalen den 2009-06-18. Henta 2010-06-28. 
  4. «China International Fund Limited». Chinainternationalfund.com. Arkivert frå originalen den 2009-06-18. Henta 2010-06-28. 
  5. «Scott Wilson projects». Arkivert frå originalen 4. mars 2008. 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.