Lubjanka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lubjankabygninga ved Lubjankaplassen

Lubjanka (russisk skrift Лубянка) er det uoffisielle namnet på ei bygning ved Lubjankaplassen i Moskva, der dei sovjetiske løynlege tenestene, som er best kjent under namna NKVD og KGB, hadde hovudkvarter frå 1920 til 1991. Bygningen omfatta vidare KGB sitt sentrale fengsel og arkiv. Etter at Sovjetunionen braut saman har den russiske tryggleikstenesta FSB hatt hovudkvarter i Lubjanka.

Fengsel[endre | endre wikiteksten]

Lubjanka omfatta eit stort fengsel. I kjellarromma der vart fleire hundre tusen menneske forhøyrde og torturerte, særleg frå 1920 og i åra med dei store utrenskningane. Det var vanleg å hindra fangane å sove over svært lang tid. Under forhøyra vart dei regelmessig mishandla og terrorisert. Mange fangar begjekk sjølvmord eller vart skotne i denne kjellaren etter «rettssaker» utan forsvarar.[1][2][3]

Etter KGB[endre | endre wikiteksten]

Etter at KGB vart oppløyst, vart bygninga brukt som hovudkvarter for Den russiske grensevakta. Noko av fengselet vert no (2017) brukt av ei av avdelingane til FSB. Resten er KGB-museum (russisk Историко-демонстрационный зал ФСБ России) og ope for turistar og andre interesserte. I 1990 vart den sokalla Solovetskijsteinen reist tvers over Lubjankaplassen frå bygninga for å minnast ofra for den politiske undertrykkinga i Sovjet-tida.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Советский политический анекдот [Soviet political anecdotes]. Асс. Спектрум. "О". 
  2. Alef, 495-505, Chamah, 1993 
  3. «1001 избранный советский политический анекдот (1001 selected Soviet political anecdotes)», ModernLib.ru, henta 22. august 2016