Hopp til innhald

Lublin-høglandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lublin-høglandet (polsk Wyżyna Lubelska) er ein geografisk region aust i Polen. Det ligg mellom elvane Wisła og Bug i nærleiken av Lublin.

Det har eit areal på om lag 7200 km² og det høgaste punktet er 314 meter over havet. Området høyrer til Lublin-voivodskapet. I sør går høglandet over i Roztoczefjella.