Wisła

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wisła
elv
Narew renn saman med Wisła ved Modlin
Land  Polen,  Ukraina  Kviterussland,  Slovakia
Nedslagsfelt 194 424 km²
Lengd 1 047 km
Middelvassføring 1,080 /s
Kjelde Barania Góra i Dei schlesiske Beskidane
 - høgd 1 106 moh.
Munning Gdańskbukta i Austersjøen
Kart
Wisła
49°36′15″ N 19°0′5″ E
Wikimedia Commons: Vistula

Wisła (tysk: Weichsel; tsjekkisk: Visla; latin: Vistula) er den lengste elva i Polen med ei lengd på 1047 km. Ho drenerer eit område på 194 424 km², der 168 699 km² ligg i Polen (over halvparten av landarealet til landet) [1].

Wisła har kjelda si sør i landet, ved Barania Góra (1220 moh) i Dei schlesiske Beskidane (vest i Karpatane). Utgangspunktet hennar vert rekna som staden der elvane Kvite Vesle Wisła (Biała Wisełka) og Svarte Vesle Wisła (Czarna Wisełka) renn saman. Ho renn så over dei store polske slettene og gjennom fleire store polske byar, inkludert Krakow, Sandomierz, Warszawa, Płock, Włocławek, Toruń, Bydgoszcz, Świecie, Grudziądz, Tczew og Gdańsk. Med eit elvedelta og fleire greiner (Leniwka, Przekop, Śmiała Wisła, Martwa Wisła, Nogat og Szkarpawa) munnar ho ut i Wisłalagunen eller direkte ut i Gdańskbukta i Austersjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er ikkje kjend om rota til namnet Vistula er indoeuropeisk eller urindoeuropeisk. Endingar som -ila og -ula vart nytta i mange indoeuropeiske språkgrupper, som germansk og latinsk, noko som gjer det vanskeleg å fastsette opphavet til namnet. Namnet vart først nytta av Plinius den eldre i år 77 e.Kr i Naturalis Historia. Han nyttar namnet Vistula (4.52, 4.89) og den alternative forma Vistillus (3.06). Vistula rann ut i Mare Suebicum, som vi kjenner som Austersjøen. Frå dei forskjellige kjeldene kan ein kome fram til at svebarar og burgundarar heldt til vest for deltaet, og at det austgermanske gotarane og føregjengarane deira, Oksywie-kulturen, heldt til ved sjølve deltaet. Områda aust for Wisła var busett av baltisktalande folkegrupper som galindarar, sudovarar og prøyssiske folk.

Wisładalen aust for Toruń

Ein veit derimot lite om desse folkegruppene i området.[2].

Klaudios Ptolemaios skriv òg om folkegruppene rundt Wisła, som han ser på som grensa mellom Germania og Sarmatia. Han nyttar den greske stavinga Ouistoula. Andre forfattarar i antikken nyttar forma Istula. Pomponius Mela refererer til Visula (Bok 3) og Ammianus Marcellinus til Bisula (Bok 22), begge manglar bokstaven t. Jordanes (Getica 5 & 17), nyttar forma Viscla. Det anglosaksiske diktet «Widsith» referer til elva som Wistla.

Wisła var tidlegare knytt til elva Dnepr og dermed til Svartehavet. Vassvegen Austersjøen-Wisła-Dnepr-Svartehavet var ein av dei viktigaste gamle handelsrutene, Ravvegen, der rav og andre varer vart ført frå Nord-Europa til Hellas, Asia, Egypt og andre stader.

I fleire hundreår var elva i Tyskland og landa rundt kjend under det tyske namnet Weichsel (i tyske dokument i mellomalderen òg skrive Wissel og Wixel). Den siste istida i Nord-Europa, som enda i rundt 10 000 f.Kr. vert kalla Weichsel-istida. Russarane kalla Polen Wisła-provinsen under tsarstyret på 1800-talet.

Skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Kart over Wisła

Wisła er framkommeleg, men store delar av ho møter ikkje krava til moderne innanlands skipsfart. Frå Austersjøen til Bydgoszcz (der Bydgoszczkanalen munnar ut i elva) kan mellomstore fartøy av CEMT klasse II ta seg opp Wisła. Vidare oppover er ho for grunn til at elvelektarar kan gå.

Oppfor Warszawa vart det starta eit prosjekt for å auke kapasiteten i elva ved å bygge fleire sluser i Krakow-området. Dette prosjektet vart ikkje heldt fram vidare nedover elva, så det er framleis vanskeleg å ta seg fram i elva. Om ein restaurerer aust-vest-vegen via Narew - Bug - Mukhavets - Pripjat - Dnepr kan Wisła igjen verte ein viktig vassveg i framtida.

Byar og sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Wisła
By Sideelv Merknad
Wisła Kjelde
Ustroń
Skoczów Brennica
Strumień Krajka
Goczałkowice-Zdrój
Czechowice-Dziedzice Biała-Wisełka
Brzeszcze Wisła, Soła
Oświęcim Soła
Zator Skawa
Skawina Skawinka
Kraków Sanka, Rudawa, Prądnik, Dłubnia, Wilga stort sett kanaliserte elvar
Niepołomice
Nowe Brzesko
Nowy Korczyn Nida
Szczucin
Połaniec Czarna
Baranów Sandomierski Babolówka
Tarnobrzeg
Sandomierz Koprzywianka, Trzesniówka
Zawichost
Annopol Sanna
Józefów nad Wisłą
Solec nad Wisłą
Kazimierz Dolny Bystra
Puławy Kurówka
Dęblin Wieprz
Magnuszew
Wilga Wilga
Góra Kalwaria Czarna
Karczew
Otwock, Józefów Świder
Konstancin-Jeziorna Jeziorka
Warszawa Żerańkanalen fleire andre mindre elvar
Łomianki
Legionowo
Modlin Narew
Zakroczym
Czerwińsk nad Wisłą
Wyszogród Bzura
Płock Słupianka, Rosica, Brzeźnica, Skrwa Lewa, Skrwa Prawa
Dobrzyń nad Wisłą
Włocławek Zgłowiączka
Nieszawa Mień
Ciechocinek
Toruń Drwęca, Bacha
Solec Kujawski
Bydgoszcz Brda kanalisert
Chełmno
Świecie Wda
Grudziądz
Nowe
Gniew Wierzyca

Nær Kwidzyń er Wisła delt i to greiner som utgjer elvedeltaet:

Nogat Leniwka
By Sideelvar Merknad By Sideelvar Merknad
Sztum Tczew
Malbork Gdańsk Motława, Radunia, Potok Oliwski i byen deler elva seg i fleire greiner som munnar ut i Austersjøen forskjellige stader. Hovudgreina munnar ut i sjøen ved Westerplatte
Elbląg Elbląg like før ho munnar ut i Wisłabukta

Sideelvar frå høgre[endre | endre wikiteksten]

Morskie Oko, Kvite Dunajec
Kraków
Warszawa
Grudziadz
Malbork
Gdańsk

Sideelvra til høgre med ein nærliggande by

Sideelvar frå venstre[endre | endre wikiteksten]

Sideelvar frå venstre med ein nærliggande by

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]