Lubumbashi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lubumbashi
by
Land  Den demokratiske republikken Kongo
Areal 747 000 000 km²
Folketal 1 786 397 (2012)
Kart
Lubumbashi
11°39′51″S 27°28′58″E / 11.664166666667°S 27.482777777778°E / -11.664166666667; 27.482777777778
Wikimedia Commons: Lubumbashi

Lubumbashi (tidlegare fransk namn Élisabethville, eller nederlandsk Elisabethstad) er største byen og provinshovudstad i Haut-Katanga lengst i sør i Kongo-Kinshasa (tidlegare Zaire). Han er med sine kring 1,5 millionar innbyggar den nest største byen i landet etter hovudstaden Kinshasa.

Lubumbashi er eit jernbaneknutepunkt og har ei internasjonal lufthamn. Byen er eit senter for gruvedrift i regionen, og huser mange av dei største gruveselskapa i landet.[1] Det statlege gruveføretaket Gécamines har hovudkontoret sitt her. I byen finst det smelteverk for kopar og kobolt, og dessutan tekstil- og næringsmiddelindustri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen blei grunnlagt i 1910 som Élisabethville, kalla opp etter dronning Elisabeth av Belgia, kona til kong Albert I. I 1966 blei namnet endra til Lubumbashi.[2]

Lubumbashi var ei tid hovudstad for den kortliva utbrytarrepublikken Katanga som etter sjølvstendet frå Belgia utropte seg som sjølvstendig frå resten av Kongo-Kinshasa.

Lubumbashi universitet blei oppretta i 1955. I byen finst òg ein zoologisk hage.

Fotballaget TP Mazembe kjem frå Lubumbashi.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Michael J. Kavanagh (23. mars 2013). «Congolese Militia Seizes UN Compound in Katanga's Lubumbashi». Henta 23 March 2013. 
  2. Britannica, Lubumbashi, britannica.com, vitja 7. juli 2019
  3. TP Mazembe Englebert (COD) Arkivert 22. juli 2011 på Wayback Machine.Wayback MachineArkivert 22. juli 2011 på Wayback Machine., FIFA.com.