Den demokratiske republikken Kongo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For elva med namnet Kongo, sjå Kongoelva.
[endre]
République Démocratique du Congo

(norsk: Den demokratiske republikken Kongo/Kongo-Kinshasa, kongolesisk/kinshasakongolesisk)

Det kongolesisk/kinshasakongolesiske flagget Det kongolesisk/kinshasakongolesiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Debout Kongolaise»
Motto Justice - Paix - Travail
(Rettferd - Fred - Arbeid)
Geografisk plassering av Den demokratiske republikken Kongo/Kongo-Kinshasa
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Kinshasa
Styresett
Demokratisk republikk
Félix Tshisekedi
Augustin Matata Ponyo
Flatevidd
 – Totalt
 
2 344 858 km² (11.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
83 301 151 (19.)
35,5 /km²
Nasjonaldag 30. juni
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
63 270 mill. USD (99.)
1 000 USD (193.)
Valuta Kongolesiske franc
Tidssone UTC+1 og UTC+2
Telefonkode +243
Toppnivådomene .cd


Den demokratiske republikken Kongo eller Kongo-Kinshasa (tidlegare kjend som Fristaten Kongo, Belgisk Kongo og Zaïre) er ein republikk i Sentral-Afrika. Hovudstaden i Kongo er Kinshasa.

Landet grensar til Den sentralafrikanske republikken i nord, Sør-Sudan i nordaust, Uganda, Rwanda, Burundi og Tanzania i aust, Zambia og Angola i sør og Republikken Kongo (Kongo-Brazzaville) i vest. Landet har også ei kort kyststripe ut til Atlanterhavet i vest.

Landet må ikkje forvekslast med nabolandet i vest, Kongo-Brazzaville.

Kart over Kongo

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Geologisk ligg Kongo på Kongokratonet som er dekt av Kongobassenget. Kongo har tropisk regnskog i eit flatt landskap. Kongoelva har kjeldeområde i Det etiopiske høglandet og renn roleg gjennom landet ned til kysten av Atlanterhavet.[1] Den demokratiske republikken Kongo omfattar størstedelen av nedslagsfeltet til Kongoelva, som dekker eit område på nesten 1 000 000 km². Den einaste tilgangen landet har til Atlanterhavet er ei smal stripe land på nordsida av denne elva.

Typisk savannelandsby i Bandunduområdet.

Det store, lågtliggande sentrale området er eit platå som skrånar mot vest. Det er dekt av tropisk regnskog og eit stort nettverk av elvar. Skogen i sentrum er omgitt av fjellterrassar i vest, platå som blir fletta inn savannar i sør og sørvest, og tette grasletter som strekker seg forbi Kongo i nord. Høye fjell på litt over 5000 meter ligg på den austlege grensa mot Rwanda og Uganda. Landet har òg fleire aktive vulkanar.

DR Kongo ligg på ekvator, med ein tredel av landet nord og to tredelar sør for ekvator.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kongo er plassert midt i hjartet av det ekvatoriale Afrika, og har eit av dei meir pålitelege klimaa i Afrika. Klimaet er stabilt varmt og fuktig i elvebassenget og kjølig og tørt i det sørlege høglandet, med eit kaldt, alpint klima i fjella. Den intertropiske konvergenssona dreg med seg vått og torevêrsprega vêr nordover frå mars til november, og sørover frå desember til februar. Områda i mellom, inkludert Mbandaka som ligg midt på ekvator, får to regntider kvart år. Sjølv dei tørraste månadane får minst 100 mm. Vinden er stort sett svak og lufta trykkande året rundt.

Sør for ekvator varer regntida frå oktober til mai, og nord for ekvator frå april til november. Langs ekvator er nedbøren ganske regelmessig gjennom heile året. I løpet av den våte sesongen er torevêra ofte veldige, men dei varer sjeldan meir enn nokre timar. Den gjennomsnittlege nedbøren for heile landet er ca. 1070. Sjølv om landet ligg på ekvator hender det at det fell snø på dei høgaste fjella.

Juni og juli er derimot knusktørr i område frå Kinshasa til fjellsidene av Mont Mitumba. Den gjennomsnittlege minimumstemperaturen fell til rundt 17 °C i låglandet rundt Kinshasa, og ein kan få frost over 1500 m. I tørketida kan derimot skyer dekke store delar av låglandet. Den årlege nedbørsnormalen i Kinshasa er 1358 mm, men andre delar av Kongo kan få opp mot 2000 mm.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1960–1994[endre | endre wikiteksten]

Etter sjølvstende frå Belgia i 1960, braut det straks ut opprør i hæren, og det blei gjort forsøk på å lausriva den mineralrike provinsen Katanga. I 1961 blei statsministeren Patrice Lumumba avretta av troppar som var lojale til hærsjefen Joseph Mobutu.

I 1965 tok Mobutu så makta sjølv, endra namnet på landet til Zaïre, og tok sjølv namnet Mobutu Sese Seko. Han snudde Zaïre om til eit springbrett for operasjonar mot det Sovjet-støtta Angola, og sikra seg derfor amerikansk støtte under den kalde krigen. Mobutu gjorde samtidig Zaïre om til eit synonym for korrupsjon.

1994–2004[endre | endre wikiteksten]

Etter folkemorda i Rwanda i 1994 rømde fleire av milits-gruppene som var ansvarlege for drapa på ca. 800 000 etniske tutsiar og hutuar over grensa inn i dåverande Zaïre.

Frå 1996 til 1997 pågjekk det som er blitt kalla den fyrste krigen i Kongo. Rwanda-støtta opprørarar kasta presidenten Mobutu Sese Seko, etter at kongolesiske Interahamwe-opprørarar fleire gongar hadde angripe Rwanda frå Kongo. Laurent Kabila blei innsett som ny leiar, og landet blei igjen omdøypt til Kongo.

I 1998 prøvde dei same Rwanda-støtta opprørarane å avsetja sin gamle allierte Kabila, med anklager om at han no støtta dei gjenverande restane av Interahamwe-styrkane. Denne gongen blei opprørarane stoppa av ein intervensjon av styrkar frå Angola, Zimbabwe og Namibia. Ein 4 år lang fastlåst konflikt, gjerne kalla den andre krigen i Kongo, tok til.

FN skulda i denne perioden fleire høgtståande politiske og militære embetsmenn frå Rwanda, Uganda og Zimbabwe for å ha utnytta intervensjonen sin i DR Kongo til å plyndra den enorme mineralske rikdommen der, særøeg diamantar.

Alle landa og opprørsgruppene innblanda i krigen i DR Kongo gjekk til slutt med på å stoppa kampane, og ei delt regjering fekk makta. Ifølgje SN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) er om lag 5,4 millionar menneske på flukt i eige land. Om lag 5,4 millionar menneske er omkomne sidan krigen byrja i 1998. Sjølv om det blei underteikna ein fredsavtale, har det stadig blussa opp harde kampar som har pressa nye tusen på flukt.

FN har utplassert ca. 17 000 FN-soldatar i Kongo. Oppgåva til denne styrken, MONUC, er å sikra freden i landet etter underskrivinga av ein våpenkvileavtale i Lusaka i juli 1999.

Dei første demokratiske vala sidan 1961 var planlagde til 30. juli 2006. 32 kandidatar stilte opp mot sitjande president Joseph Kabila i den første runden av presidentvalet.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folketalet låg i 2007 på 62,6 millionar (estimert av SN). I høve til folketalet i 1997, som var på 46,7 millionar, viser dette ei rask auke. I 2009 var veksten estimert til 3,20 %. Gjennomsnittleg levealder er 55 år, medan gjennomsnittsalderen i befolkninga er 16,4 år (median).[2]

Det er identifisert over 200 ulike etniske grupper,[2] der dei største i talet på personar er kongofolk, lubafolk og mongfolk. Det bur rundt 600 000 pygmear her, som utgjer eit urfolk i landet.

Det offisielle språket i landet er fransk, men også dei fire nasjonale hjelpespråka kongo, tshiluba, swahili og lingala er utbreidde. I tillegg finst det rundt 700 lokale språk og dialektar.

Kinshasa i 2003.

34 % av folkesetnaden bur i byar eller urbane område.[2] Dei ti største byane, med folkesetnad, er:

By Folketal (2008)
Kinshasa 7 500 000
Mbuji-Mayi 2 500 000
Lubumbashi 1 700 000
Kananga 1 400 000
Kisangani 1 200 000
Kolwezi 1 100 000
Mbandaka 850 000
Likasi 600 000
Boma 600 000

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Askheim, Svein (2. mai 2009). «Kongo: landformer». Store norske leksikon. Arkivert frå originalen 2. februar 2014. Henta 28. januar 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Congo, Democratic Republic of the». CIA - The World Fact Book. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den demokratiske republikken Kongo
Litteratur
  • Hochschild, Adam (2002): Kong Leopolds Arv – En beretning om grådighet, forferdelser og heroisme i det koloniale Afrika. Pax forlag. ISBN 82-530-2768-0
  • Fosser, Per Einar (2007): Kongo. Landet verden helst vil glemme. Humanist forlag. ISBN 978-82-92622-34-6
  • Wrong, Michela (2002): In the Footsteps of Mr. Kurtz: Living on the Brink of Disaster in Mobutu's Congo. Harper Perennial. ISBN 9780060934439
  • Afrika. Oslo: Schibsted. 1979. s. 49. ISBN 8251607450. 
  • Lundstøl, Sigrun Riedel (1995). Land i Afrika. Oslo: Faktum. s. 58. ISBN 8254002312.