Ludvig Munk
| Ludvig Munk | |
| Statsborgarskap | Noreg, Kongeriket Danmark |
| Fødd | ca. 1537 Vejle |
| Død | |
| Yrke | embetsmann |
| Verv | Statthaldar i Noreg |
| Periode | 1577-1583 |
| Føregangar | Povel Huitfeldt |
| Etterfylgjar | Axel Gyldenstjerne |
| Far | Ludvig Munk til Dalsgaard |
| Mor | Kirsten Pedersdatter Lykke, heiress of Nordlund |
| Ektefelle | Ellen Marsvin |
Ludvig Ludvigsen Munk (1537–8. april 1602) var greve, dansk-norsk embetsmann og statthaldar i Noreg frå 1577 til 1583.[1]
Han var lensherre i Trøndelag frå 1571 og kom med ein gong i konflikt med bøndene. Han let futane fare hardt fram for å krevje inn skattar og det vart opprør. Opprøret blei slått hardt ned på og fem av leiarane vart avretta.[1]
Etter at Povel Huitfeldt trekte seg som statthaldar i 1577 vart Munk utnemnd i embetet og han sat i det til 1583.
Etter 1583 var han lensherre over Hedmark, deretter Lister og frå 1589 Trøndelag igjen. Han vart avsett som lensherre i 1596.[1] Han slog seg ned på godset Nørlund på Jylland.
Munk gifta seg med den 17 år gamle Ellen Marsvin i 1589, han var da 52 år. Dei fekk dottera Kirsten Munk. Ho gifta seg med Kristian IV til venstre hand i 1615.[1]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 Ludvig Munk Artikkel av Magne Njåstad i Norsk biografisk leksikon