Lister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lister er namnet på eit norsk distrikt i den vestlegaste delen av landskapet AgderSørlandet, og er no ein del av Vest-Agder fylke. Namnet «Lister» kjem frå det gamle namnet på Lista-halvøya, og omfattar kommunane i Agder vest for det sørlegaste punktet i Noreg, Lindesnes.

Lister har til saman 35 302 innbyggjarar (1. juli 2009) og dekkjer 4 175 kvadratkilometer,[1] fordelt på dei seks kommunane Flekkefjord, Sirdal, Kvinesdal, Farsund, Lyngdal og Hægebostad. Dei tre byane i området er Flekkefjord, Farsund og Lyngdal.

Lister-distriktet utgjorde det tidlegare Lister len under Agdesiden hovedlen og Lister fogderi under Christiansand stift. Namnet «Lister» var ein dansk markgrevetittel som blei gjeven til Hugo Octavio Accoramboni i Firenze i 1709.

Distriktet omfattar i dag Lister prosti under Agder og Telemark bispedøme i Den norske kyrkja. Størsteparten av distriktet utgjer domsmyndigheitsområdet til Lister tingrett under Agder lagdøme. Sirdal høyrer derimot til domsmyndigheitsområdet til Dalane tingrett under Gulating lagdøme.

Distriktet samarbeider i regionrådet for Lister, Listerrådet. Det utgjer også næringsregion Lister (NHO). Dei seks listerkommunane har en felles strategisk næringsplan. Planen har status som fylkesdelplan, og blei vedteken av fylkestinget i juni 2006. Planen blei utarbeidd av Vest-Agder fylkeskommune og Listerrådet. Saman med fylkeskommunen har Listerrådet ansvar for å følgje opp planen og setja i gang prosjekt og tiltak. Rådet har vidare koordinerande ansvar for oppfølging. Den første evalueringa av planen fann stad hausten 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]