Luis Conte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Luis Conte
Fødd16. november 1954 (64 år)
FødestadCuba
OpphavCuba, USA
Sjangerjazz
InstrumentPerkusjon
Tilknytte artistarJames Taylor, Madonna, Al Dimeola, Pat Metheny Group, Eric Clapton, Carlos Santana, Jaguares, Phil Collins, Maná, Shakira
Verka somperkusjonist

Luis Conte (fødd 16. november 1954) er ein kubansk perkusjonist.[1]

Conte voks opp på Cuba, men i 1967 sende foreldra han til Los Angeles for å hindre at han vart kalla opp i det kubanske militæret. Innan 1973 spelte Conte på lokale klubbar og vart raskt ein travel studiomusikar. I 1970-åra spelte han i latinfusion-bandet Caldera.

I 1980-åra turnerte Conte med forskjellige musikarar, som Madonna, gitaristen Al Di Meola og Andy Narell. Debuten som bandleiar kom i 1987 då han gav ut La cocina caliente, som inneheld ein latinamerikansk versjon av Chopin sin «Susarasa». Conte spelte òg perkusjon på Pat Metheny Group-albumet We Live Here i 1995, og dei to første albuma til I Mother Earth, Dig (1994) og Scenery and Fish (1996).

I nyare tid har han spelt som del av James Taylor sitt «Band of Legends». Han har òg spelt med kjende musikarar som Alex Acuña, Jaguares, Larry Klimas og David Garfield, både som bandleiar og sidemann.

Luis Conte har spelt mykje med Phil Collins på turneane hans, seinast i 2017-2018.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • La cocina caliente (1987)
  • Black Forest (1989)
  • En casa de Luis (BFM Jazz, 2011)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tarradel, Mario (13. juni 2003). «The world according to Ziggy». Dallas Morning News. Henta 6. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]