Lund + Slaatto Arkitekter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
VeritasbyggetHøvik
Foto: Bjoertvedt
Asker rådhus med hovuddinngang frå østsida
Foto: Trarir
Chateau Neuf er kulturhus og staden for Det Norske Studentersamfund
Foto: Hans A. Rosbach

Lund + Slaatto Arkitekter AS (Lund & Slaatto) er eit norsk arkitektfirma skipa i 1958 av Kjell Lund og Nils Slaatto.[1] Samarbeidet mellom Lund og Slaatto varte heilt til 1995, men Lund + Slaatto Arkitekter, som blei skipa i 1987, fører kontinuiteten vidare frå det opphavlege selskapet.[1]

Lund + Slaatto Arkitekter står bak ei lang rekkje prestisjetunge prosjekt og har vunne fleire norske og internasjonale arkitekturprisar. Kontoret har mellom anna motteke Houens fonds diplom for fem av sine prosjekt;[2] St. Hallvard kyrkje og kloster i 1975, Det Norske VeritasHøvik i 1988, St. Magnus kyrkje på Lillestrøm i 1991, Sølvberget, Stavanger kulturhus i 1994 og VG-huset, Akersgata 55 i Oslo i 2000. Alt i 1958 fekk Lund & Slaatto Betongtavlen for Asker rådhus. Dei fekk også Betongtavlen i 2006 for den nye Svinesundsbrua.[3]

Av andre store verk kan ein nemne Chateau Neuf frå 1977 og vernebygget i glas til Domkyrkjeruinane på Hamar. Prosjektet fekk Norsk Stålkonstruksjonspris for 1999.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]