Høvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°53′58.222″N 10°34′54.124″E

Europaveg 18 forbi Høvik kyrkje.

Høvik er eit strok i Bærum kommune i Akershus, hovudsakleg eit tettbygd bustadområde med småhus, men òg med somme kontorbygningar. Mellom anna ligg hovudkontoret for DNV GL Group AS (tidlegare Det Norske Veritas) på Høvik, attmed Holtekilen, ei grein av Oslofjorden der det òg er fleire populære badestrender. Høvik er dessutan kjend for det tidlegare Høvik Glassverk.

På Høvik ligg Høvik kyrkje, ei teglsteinskyrkje frå 1898, og haldeplassen Høvik stasjonDrammensbanen, som her er lokaljarnbane. Europaveg 18 går forbi rett attmed kyrkja.