Lusaka
Lusaka | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Provins Distrikt |
Zambia Lusaka Lusaka |
Geografi | |
Flatevidd | 360 km² |
Innbyggjarar | 1 742 979 (2010) |
Innbyggjarar - By (2010) |
2 467 563 |
Høgd over havet | 1279 m |
Tidssone | UTC+02:30 (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: https://www.lcc.gov.zm/ | |
Nettstad: www.lcc.gov.zm | |
Plassering | |
Lusaka er hovudstad og største byen i Zambia. Han ligg på sørdelen av sentralplatået, 1 279 meter over havet. Innbyggartalet vart i 2007 berekna til 3,1 millionar. Byen hyser regjeringskontora og er det økonomiske senteret i landet. Fire av hovudvegane i Zambia; Great North Road, Livingstone Road, Great East Road og Great West Road går ut frå/inn i byen. Dei to mest brukte språka i Lusaka er engelsk og nyanja.
Styre
[endre | endre wikiteksten]Både den lovgjevande, utøvande og dømmande makta i Zambia har sine sete i Lusaka. Parlamentet har plass i ein 15 etasjar høg bygning. Byen er også hovudstad for Lusaka-provinsen, den minste men mest folkerike av dei ni provinsane i landet.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Fly
[endre | endre wikiteksten]Byen har flyplass, Lusaka International Airport, og ligg ved jarnbanen mellom Livingstone og Kitwe. Flyplassen vert brukt av både offentleg og militær luftfart.
Buss
[endre | endre wikiteksten]Bussruter går frå Lusaka til nærliggjande byar som Siavonga og Chirundu.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Lusaka har eit fuktig, subtropisk klima. Kjølegaste månaden, juli, har ein middeltemperatur på 16 °C. Klimaet er prega av varme, men ikkje heite, somrar. Resten av året er det mildt. Den varmaste månaden, oktober, ligg temperaturen godversdagane på kring 25 °C. Lusaka har både regntid og tørketid. Tørketida er den dominerande og varer frå april til slutten av oktober.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Lusaka var ein landsby oppkalla etter hovdingen sin, Lusakasa, som i fylgje soga låg på Manda Hill, nær der Zambias nasjonalforsamling står no. Området vart utvida av europeiske, i hovudsak britiske, settlarar då det i 1905 vart bygt jarnbane.
I 1935 vart byen vald til hovudstad i den britiske kolonien Nord-Rhodesia, til dess hadde Livingstone vore hovudstad i kolonien. Staden vart vald, både for at han låg nokså sentral og for at han låg i krysset mellom Great North Road og Great East Road.
Etter danninga av føderasjonen mellom Nord- og Sør-Rhodesia i 1953, vart byen eit senter for ei sjølvstendrørsle mellom nokre av den utdanna eliten. Dette førte til danninga av republikken Zambia. I 1964 vart Lusaka hovudstad i det nyleg sjølvstendige Zambia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lusaka» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2011.