Zambia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
[endre]
Republic of Zambia

(norsk: Zambia, zambisk)

Det zambiske flagget Det zambiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Stand and Sing of Zambia, Proud and Free»
Motto One Zambia, One Nation
(Eitt Zambia, ein nasjon)
Geografisk plassering av Zambia
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Lusaka
Styresett
Republikk
Hakainde Hichilema
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
752 618 km² (38.)
1,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (1990)
 – Tettleik
 
15 972 000 (69.)
7 383 000
21,2 /km² (160.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
24. oktober 1964
Nasjonaldag 24. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
64 470 mill. USD (97.)
4 500 USD (146.)
Valuta Zambisk kwacha (ZMK)
Tidssone UTC +2
Telefonkode +260
Toppnivådomene .zm


Republikken Zambia er eit land i det sørlege Afrika. Landet grensar til Angola og Namibia i vest, Kongo og Tanzania i nord, Malawi og Mosambik i aust og til Zimbabwe i sør. Landet har ikkje eiga kyststripe. Sør i Zambia ligg ein del av Zambezielva, med ein av dei største fossane i verda, Victoriafallene, på grensa mot Zimbabwe.

I kolonitida fram til 1962 var territoriet underlagt Storbritannia under namnet Nord-Rhodesia.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå zambisk geografi.
Kart over Zambia

Zambia er ein innlandsstat i det sørlege Afrika, det vil seia at han ikkje grensar til hav. Zambia har eit tropisk klima og består hovudsakleg av høgt platå med nokre høgder og fjell.

Landet har to betydelege elvebasseng, Zambezi-bassenget i sør og Kongo-bassenget i nord. Av dei to bassenga utgjer Zambezi-bassenget tre firedelar av landet. Resten av landet er del av Kongo-bassenget.

Zambezi-bassenget[endre | endre wikiteksten]

I Zambezi-bassenget er det fire betydelege elver som anten renn gjennom Zambia eller dannar landegrensene med nabolanda: Kafue, Luangwa, Cuando og Zambezi. Dei siste tre dannar delar av sørgrensene til Zambia. Cuando-elva dannar Zambia si sørvestlege grense med Angola og renn så austover langs den nordlege grensa ti Caprivi-stripa i Namibia, før ho renn ut i Linyanti-myrene som til slutt renn austover ut i Zambezi. Frå samansmeltinga si med Cuando renn Zambezi austover og dannar heile Zambia si grense med Zimbabwe. Dei to andre elvene, Kafue og Luangwa, ligg heilt innanfor Zambia og er betydelege sideelver for Zambezi. Dei flyt saman med Zambezi på grensa til Zimbabwe ved Chirundu (Kafue) og byen Luangwa. Før dei flyt saman dannar Luangwa-elva delar av Zambia si grense med Mosambik. Frå byen Luangwa forlèt Zambezi Zambia og flyt inn i Mosambik, der ho til slutt renn ut i Indiahavet ved Mosambikkanalen.

Zambezi fell 100 m over dei 1,6 km breie Victoriafalla som ligg i det sørvestlege hjørnet av landet og fyller seinare den mektige, oppdemde Karibasjøen.

Zambezi-dalen, som går langs den sørlege grensa, er både djup og vid. Nordover endrar terrenget seg til eit høgt platå som går frå 900–1200 moh. opp til 1800 moh. i den nordlege delen av Copperbelt. I aust buktar Luangwa-dalen seg sørover med høgder på begge sider før han kjem til Zambezi. I vest er landet prega av store sletter. Dei vestlege slettene blir overfløymde i den årlege regntida (vanlegvis oktober til april).

Kongo-bassenget[endre | endre wikiteksten]

Zambia har to betydelege elver frå Kongo-bassenget, Chambeshi og Luapula. Den siste utgjer Zambia si grense med Den demokratiske republikken Kongo. Chambeshi ligg heilt innanfor Zambia og er den fjernaste hovudstraumen av Kongo. Ho flyt inn i Bangweulu-sumpen som gir vatnet som dannar Luapula-elva. Luapula flyt sørover og så vestover før ho vender nordover til ho når Mwerusjøen. Kalungwishi-elva renn òg ut i innsjøen. Luvua-elva renn ut av Mweru i den nordlege enden.

Tanganyikasjøen er den andre betydelege vasskjelda som tilhøyrer Kongo-bassenget. Den søraustlege enden til innsjøen får vatn frå Kalambo-elva som utgjer delar av Zambia si grense med Tanzania. Denne elva har dem nest høgaste fossen i Afrika, Kalambofalla.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Store delar av Zambia ligg i ei høgd mellom 900 og 1500 m over havet, og berre i Zambesidalen mot grensa av Zimbabwe har ein lågland. I låglandet har ein typisk tropisk klima der temperaturane held seg høge året rundt og med regntid frå desember til mars. Klimaet er trykkande og har eit dårleg rykte på seg på grunn av at sjukdommar som malaria og sovesjuke er utbreidd i dette området.

Dei høgareliggande områda har derimot eit meir behageleg klima og lågare temperaturar. I perioden november til februar kan derimot både temperaturen og fukta bli så pass høg at ein kan få ubehagelege forhold. Over 1500 m er det ikkje uvanleg med frost i perioden frå april til august, og det kan òg vere kjølig på dagtid om det er skya vêr. Mykje av regnet som kjem i samband med den intertropiske konvergenssona kjem i form av kraftige torebyer, men ein kan òg ha regnvêr som varer to til tre dagar.

Ndola ligg i den våtare delen av landet og har ein normal årsnedbør på 1295 mm. Lusaka som ligg lenger sør har tørrare forhold og har 836 mm i året.

Nasjonalparkar[endre | endre wikiteksten]

Zambia har ei rekkje nasjonalparkar, og dessutan 35 forvaltingsområde for vilt som fungerer som buffersoner rundt parkane. I desse buffersonene finn ein òg fleire viltreservat, innkvartering for turistar, forskingsstasjonar og mykje meir. Her er nokre av dei viktigast :

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei opphavlege khoisan-innbyggarane i Zambia byrja å bli erstatta eller absorbert av teknologisk meir avanserte innvandrande stammar for rundt 2000 år sidan. Dei betydelege bølgjene av bantuspråklege innvandrarar, bantu-ekspansjonen, byrja på 1100-talet.

Blant dei var tonga-folket, også kalla batonga, dei første til å slå seg ned i Zambia og er antatt å ha komme langt frå aust nær «den store sjøen». Nkoya-folket har òg komme med forslag om at dei kom tidlegare frå Luba- og Lunda-kongedøma i nord. Andre grupper følgde med den største migrasjonen som kom mellom seint på 1600-talet og tidleg på 1800-talet. Desse seine innvandrarane kom hovudsakleg frå Luba- og Lunda-stammene i det sørlege Kongo og nordlege Angola, men blei følgde av ngonifolk frå sør på 1800-talet. Innan enden av hundreåret var dei forskjellige folkeslaga i Zambia stort sett etablert i områda dei no bur i.

Med unntak av ein og annan portugisisk oppdagar, låg området urørt av europearar i fleire hundreår. Etter midten av 1800-talet blei det vitja av vestlege oppdagarar, misjonærar og handelsfolk. I 1855 var misjonæren og oppdagaren David Livingstone den første europearen som såg dei fantastiske fossefalla ved Zambezi-elva. Han kalla dei Victoriafalla etter dronning Victoria. Falla er kjende i Zambia som Mosi-O-Tunya, 'røyken som torar', på målføre i Lozi eller Kololo. Byen Livingstone nær falla er oppkalla etter oppdagaren.

Britisk koloni[endre | endre wikiteksten]

Cecil Rhodes skaffa seg mineralrettar frå lokale høvdingar i 1888, og fremma på denne måten britiske kommersielle og politiske interesser i Sentral-Afrika. Same året blei Nord- og Sør-Rhodesia, no kalla Zambia og Zimbabwe, proklamerte å vera innanfor den britisk interessesfæra. Det sørlege Rhodesia blei formelt annektert og gjeve sjølvstyre i 1923, og administrasjonen av det nordlege Rhodesia blei overført til det britiske kolonikontoret i 1924 som eit protektorat. Det blei statar gruvedrift i Copperbelt-provinsen i 1934.

Nord-Rhodesia blei slått saman med Sør-Rhodesia og Nyasaland (no Malawi) og danna Føderasjonen av Rhodesia og Nyasaland. Nord-Rhodesia var åstaden for mykje uro og kriser som karakteriserte føderasjonen i dei siste åra han eksisterte. Kjerna for problema var afrikanske krav om større deltaking i styringa og europeisk frykt for å mista politisk kontroll.

Det todelte valet som blei halde i oktober og desember 1962 resulterte i ein afrikansk majoritet i det lovgivande rådet og ein skjør koalisjon mellom dei to afrikanske nasjonalistpartia. Rådet godkjente resolusjonar som bad om at Nord-Rhodesia skulle få trekka seg frå føderasjonen og kravde fullt internt sjølvstyre under ei ny grunnlov og ei nasjonalforsamling basert på eit breiare, meir demokratisk grunnlag. 31. desember 1963 blei føderasjonen oppløyst, og Nord-Rhodesia blei Republikken Zambia 24. oktober 1964.

Sjølvstendet[endre | endre wikiteksten]

Ved sjølvstendet blei det halde frie val og United National Independence Party (UNIP) vann. Kenneth Kaunda blei statsminister og blei gjenvald. I den veksande polariseringa under den kalde krigen kom Zambia under kommunistisk innverknad og blei etterkvart ein eittpartistat under UNIP og med Kaunda som president.

Zambia hadde ved sjølvstendet dei same problem som mange andre tidlegare koloniar. Kunnskapen om å styra landet låg hjå kolonialherrane og befolkninga var ikkje utdanna nok til å overta, både administrativ og økonomisk. Ekspertise for utvinning av dei betydelege mineralførekomstane måtte hentast frå utlandet. I tillegg var framleis tre av naboane til landet, Sør-Rhodesia og dei portugisiske koloniane i Mosambik og Angola, dominert av kvitt styre og etterkvart involvert i frigjeringskrigar. Den kvite-styret regjeringa i Sør-Rhodesia erklærte sjølvstende utan internasjonal anerkjenning i november 1965. Zambia delte òg grense med det sørafrikansk-kontrollerte Sørvest-Afrika (no Namibia). Zambia sin sympati låg hjå krefter som motsette seg kolonistyre eller kvitt-dominert styre, særleg i Sør-Rhodesia. I løpet av det neste tiåret støtta ladet aktivt rørsle som National Union for Total Independence of Angola (UNITA), Zimbabwe African People's Union (ZAPU), African National Congress i Sør-Afrika (ANC) og South West Africa People's Organization (SWAPO).

1970-talet[endre | endre wikiteksten]

Konfliktar med Rhodesia (som no hadde endra namn frå Sør-Rhodesia) førte til at grensa blei stengd, med følgjande alvorlege problem for internasjonal transport og kraftforsyning. Men hydrokraftverket Kariba-demningen ved Zambezi-elva hadde stor nok kapasitet til å dekka behovet i landet for elektrisitet, trass i det faktumet at kontrollsenteret for kraftverket låg på rhodesisk side av grensa. Ein jernbane som blei bygd til hamna Dar-es-Salaam i Tanzania, med hjelp frå Kina, reduserte Zambia sin avhengnad av jernbanelinjene sørover til Sør-Afrika og vestover gjennom eit stadig meir uroleg Angola. Før jernbanen blei fullført var Zambia si hovedpulsåre for import langs TanZam-vegen, som gjekk frå Zambia til hamnene i Tanzania. Samtidig blei det bygd ein oljeleidning frå Dar-es-Salaam for å dekka behovet i landet for olje og bensin.

Seint i 1970-åra hadde Mosambik og Angola oppnådd sjølvstende frå Portugal. Zimbabwe blei uavhengig etter Lancaster House-avtalen i 1979, men Zambia sine problem blei ikkje mindre. Borgarkrigar i dei tidlegare portugisiske koloniane skapte ein straum av flyktningar og heldt transportproblema ved like. Benguela-jernbanen som gjekk vestover gjennom Angola blei stort sett stengd for trafikk frå Zambia innan seint på 70-talet. Zambia si sterke støtte for ANC, som hadde det eksterne hovudkvarteret sitt i Lusaka, skapte tryggingsproblem sidan Sør-Afrika angreip ANC-mål i Zambia.

1980- og 1990-talet[endre | endre wikiteksten]

I midten av 80-åra fekk prisen på koppar, hovudeksportvara til Zambia, ein alvorleg nedgang på verdsbasis. I Zambia sin situasjon var transportutgiftene av koppar på grunn av store avstandar til marknaden eit tilleggsproblem. Zambia vende seg til utanlandske og internasjonale utlånarar for avlasting, men sidan kopparprisane blei verande låge, blei det stadig vanskelegare å betena den aukande gjelda.

Innanriks skapte dette òg uro med protestar og streik utover 1980-talet. I 1991 gav Kaunda og UNIP etter og det blei innført ein ny grunnlov som tillét fleire parti. I det følgjande valet vann Movement for Multiparty Democracy (MMD) med partileiaren Frederick Chiluba. Trass i eit kuppforsøk i 1997 og rykte om at UNIP ville freista å ta over makta igjen utvikla seg Zambia til eit forholdsvis stabilt, parlamentarisk demokrati.

Økonomisk var landet hardt pressa og regjeringa privatiserte koppargruvene på midten av 1990-talet. Desse hadde gått med store underskot og var medansvarlege for oppbygginga av statsgjelda. Innan midten av 1990-åra blei utanlandsgjelda per innbyggar blant dei høgaste i verda, trass i avgrensa gjeldssanering.

Etter 2000[endre | endre wikiteksten]

Sidan 2004 har kopparprisane betra seg og landet såg betydeleg vekst i bruttonasjonalproduktet (cirka 6 % per år 2005-2008). I 2005 blei 6 milliardar US-dollar i uaenlandsgjeld sletta under Heavily Indebted Poor Countries-initiativet. Strukturelt er kopparavhengnaden i landet framleis ei stor utfordring. Kina er eitt av landa som særleg har engasjert seg i utviklinga av det zambiske næringslivet.

Zambia blei ramma av flaum etter kraftig regnvêr i desember 2008 og byrjinga av januar 2009 som øydela veg, bruer, jordbruksområde, vasskjelder, brønnar og skular.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Zambias befolkning består av rundt 72 bantu-språklige etniske grupper, men nesten 90 % av zambiarane tilhøyrer åtte etnologiske hovudgrupper, som er bemba, nyanja-chewa, tonga, lunda, luvale, kaonde, nkoya og lozi. Kvar etnisk gruppe er konsentrert i ein spesifikk geografisk region i landet og mange grupper er veldig små og ikkje så godt kjende.

Den dominerande religionen er kristendom, som også er den offisielle nasjonale religionen.

Innbyggarar av britisk (rundt 15 000) eller sørafrikansk avstamming lever hovudsakleg i Lusaka og i Copperbelt i det nordlege Zambia, der dei er tilsette i gruvene og liknande føretak.

Zambia har òg ein liten, men økonomisk viktig, asiatisk folkesetnad, dei fleste indarar.

I seinare åra har over 300 fortrengde kvite landsbrukarar forlate Zimbabwe på invitasjon frå styresmaktene i Zambia og har starta landbruk i den sørlege regionen.

35 % av befolkninga lever urbant.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Provinsar[endre | endre wikiteksten]

Zambia er delt inn i 9 provinsar (hovudstad står i parentes):

Religion[endre | endre wikiteksten]

Grunnloven i Zambia identifiserer landet som ein kristen nasjon, men det finst stor variasjon av religiøse tradisjonar i landet. Tradisjonelle religionar blandar seg enkelt med kristen tru i mange av dei synkretiske kyrkjene i landet. Islam har òg eit synleg nærvær, særleg i urbane område.

Innanfor det kristne samfunnet finst ei rekke retningar: Katolikkar, anglikanarar, pinsevennar, lutheranarar og forskjellige evangeliske retningar. Desse voks og tilpassa seg frå dei opphavlege misjonærbusetnadane - portugisarar og katolikkar i aust frå Mosambik og anglikanarar (engelsk og skotsk innverknad) frå sør. Etter at pinsevennen Fredrick Chiluba blei president i 1991, har pinserørsla hatt stor framgang rundt omkring i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zambia

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Zambia» på Wikipedia på bokmål/riksmål.