Lybakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lybakken
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 14[2][3]

Lybakken, også skrive Lybakk, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 14.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Lybakken ligg på vestsida ved søre enden til Langesjøen, opp til grensa mot Fjaler kommune og grensar i sør til Trøsdalen.

Det er ikkje køyreveg til Lybakken.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden vart skilt ut frå Trøsdalen i 1879. og var i tida før husmannsplass. Kjeldene fortel om busetnad på Lybakken frå 1815, men der har truleg vore plass også i eldre tid.[3]

Lybakken har vore einbølt.[3] Garden er fråflytt, og vert no brukt som feriestad.[4]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Fyrstelekkjen «ly» tyder lun, mild.[3]

Lybakken er ikkje brukt som gardsnamn andre stader i landet, men det er ein gard som heiter Lybakk i Trysil kommune.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Lybakk» i 1962, og «Lybakken» i 1986.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 4. desember 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 4. desember 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Inger Kellmer (1990). «Lybakken : Gnr. 14». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 124. ISBN 8299219817. 
  4. «Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 4. desember 2010
  5. «yr.no».  Vitja 4. desember 2010

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]