Lyn Dobson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lyn Dobson er ein britisk musikar, kjend som jazzrock-fløytist og saksofonist. Han spelte med Georgie Fame and the Blue Flames og Manfred Mann i midten av 1960-åra, og så med Soft Machine og Keef Hartley, i tillegg til album av Nick Drake og John Martyn. Dobson spelte fløytesoloen på Manfred Mann sin «Pretty Flamingo».[1]

Han gav ut eitt album, Jam Sandwich, på Fresh Air Records i 1974.[2]

Etter 1970-åra har han arbeidd i teater, dans, drama, multimedia, musikklærar og musikkterapi.[3] I 1990-åra spelte Dobson inn to album med Third Ear Band.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Lyn Dobson». Mikecollins.plus.com. Henta 2. april 2018. 
  2. «The Canterbury Discography». Lyn Dobson - Jam Sandwich. Calyx.perso.neuf.fr. Henta 2. april 2018. 
  3. Allmusic biography