Lyngnstøylvatnet

Koordinatar: 62°10′32″N 06°43′44″E / 62.17556°N 6.72889°E / 62.17556; 6.72889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lyngnstøylvatnet
innsjø
Lyngnstøylvatnet med ruinane
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ørsta
Høgd over havet 152 moh.
Areal 0,11 km²
Kystlengd1 1,54 km
Koordinatar 62°10′32″N 06°43′44″E / 62.17556°N 6.72889°E / 62.17556; 6.72889
Kart
Lyngnstøylvatnet
62°10′32″N 6°43′44″E / 62.17555618°N 6.72888899°E / 62.17555618; 6.72888899
Wikimedia Commons: Lyngnstøylvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Lyngnstøylvatnet er eit vatn i Norangsdalen i Ørsta kommune i Møre og Romsdal fylke.

Lyngnstøylvatnet vart til då eit steinskred stengde elva. Det var den 26. mai 1908. Elva overfløymde ei seter, Lygnstøylen med 9 sel , vegen gjennom dalen og noko av terrenget rundt. I roleg vér kan ein sjå restar av seltuftene gjennom vassflata.

Ein kan og sjå restar av tre og grinda over vegen.

Delar av ei grind som står att under vatn

På grunn av desse ruinane er vatnet vorte ein populær stad for dykking. Riksveg 655 går like forbi vatnet. Ved rasteplassen er det oppsett ei informasjonstavle.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]