Ruin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Klosterruinen på Tautra
Colosseum: Gangane under arenaen.

Ruinar er leivningane av menneskeskapt arkitektur, altså bygningar som ein gong var heile, men som er blitt heilt eller delvis øydelagde av menneske eller har forfalle på grunn av vêr, naturkatastrofar eller mangel på vedlikehald. Det finst berømte ruinar over heile verda, frå antikke byar i Kina, Indusdalen og Judea til Zimbabwe i Afrika, frå antikke greske, egyptiske og romerske stader rundt Middelhavet til Inka- og Maya-busetjingar i Sør- og Mellom-Amerika.

Ruinar er ei viktig kjelde til kunnskap for arkeologar, historikarar og antropologar. Utover å visa byggeskikk kan ruinar òg fortelja mykje om levestandarden, og dei kan romma døme på kunst frå ulike periodar. Mange ruinar er tekne med på UNESCO si verdsarvliste, og blir rekna som viktige delar av kulturarva.

Kjelder til fortida[endre | endre wikiteksten]

Mange av bygga er rekonstruert og reparerte, medan andre får lov å stå som dei er. Nokre ruinar er blitt verna gjennom å ha blitt dekka av oske frå vulkanutbrot eller under leirskred. Stadar som Pompeii og Troja er gravne ut igjen og framstår som hermetiske tidsbilete.

Av moderne ruinar skil kyrkjeresten som stod på nullpunktet til atombomba over Hiroshima, Kaiser-Wilhelm-Gedächtniskirche i Berlin og domkyrkja i Coventry seg ut som dei mest markante døma.

Etymologi og avgrensing[endre | endre wikiteksten]

Ruin i Skottland

Om noko er ein «ruin» er det etymologisk «noko som har falle ned». Forgjengaren til ordet er det latinske ruare (falla, smuldra, kollapsa) som gjekk vidare til substantivet ruïna (falla) og derfrå blei overlevert til engelsk via gammalfransk ruine og første gong attestert i tyding «leivningar av ein forfallen bygning eller by» frå 1454. Ruin er eit norsk lånord, og det har kome til Noreg frå anten fransk eller engelsk, sannsynlegvis det siste.

Grensa for kva tid noko kan kallast ein ruin er vanskeleg å definera. På den eine sida har ein bygningar som er forfalne, men som like fullt er i bruk og som dermed er grensetilfelle. Normalt vil ein avgrensa dette ved å seia at dersom det under nokoleis normale tilhøve ikkje er mogleg å opphalda seg der over tid er det ein ruin. På den ansre side har ein bygningar som er så øydelagd at det nesten ikkje er noko tilbake; her vil grensa normalt definerast ut frå om det er mogleg å sjå nokon trekk ved bygningen, eller om det berre er ein steinur eller ein haug murbrokkar. Med andre ord, ein ruin er ubebueleg eller ubrukeleg under elles normale tilhøve, men samstundes slik at ein kan sjå at det eingong har vore eit menneskeskapt byggverk.

Ruinar i kunsten[endre | endre wikiteksten]

Caspar David Friedrich, Junotempelet i Agrigent (1830).

Ruinar er blitt brukt i kunst, spesielt i visuell kunst. Ein periode i kunsthistoria, romantikken, var ein spesielt oppteken av ruinar, for å symbolisera tilbakegang eller forfall. Kunstgrepet er òg vanleg i dag i film og fjernsyn.

Ein namnlaus angelsaksisk poet skreiv ein gong på 700-talet eit dikt, no delvis verna i Exeter-boka, som heiter Ruinen. Forfattaren skildrar restane av ein romersk by som kan vera Aquae Sulis ved dagens Bath i England. Diktaren har augesynleg vandra i restane av byen og undra seg: Bygningane i byen har falle saman, verker til kjemper har smuldra, forfallen er det ruinerte hustaket til tårna, og brote i stykke er den stripa gata, frost i mørtelen, alle taka gapar, istykkerrivne og samansøkkte og etne av elda.[1] Kanskje like mykje som å vera ei skildring av øydelagte bygningar, ruinar, er diktet òg ei åtvaring mot at samfunnet står i fare for å gå under viss folkesetnaden vier seg til hedonisme og materialisme.

Med renessansen (1500-talet) gjenoppdaget Vest-Europa antikken, blant anna gjennom ruinane i Roma,som det enno imponerande Forum Romanum. I fleire hundre år valfarta kunstnarar til den gamle europeiske hovudstaden for å knyta samband tilbake til fortida. Med rasjonalismen til opplysingstida og seinare den industrielle revolusjonen med den urbane ureininga vende fleire seg tilbake til den «gylne tidsalderen» mellomaldere som ei meir åndeleg tid.

Stilretninga nygotikken fekk ulike uttrykksformer i delar av Europa der ein inspirert av gotikken gjeninnførte nokre gotiske stiltrekk. I Tyskland og Frankrike førte det til at ein restaurerte gamle slott og domkyrkjer. I England der nygotikken stod sterkast blei han på byrjinga av 1800-talet i romantikken manifestert i urbane landskapshagar der det sentimentale fann uttrykk i greske tempel, kinesiske lysthus, gotiske bygningar og ikkje minst dekorative kunstige ruinar eller follies side ved side.

I 1799 skreiv den italienske forfattaren Ercole Silva frå Milano i The Art of the English Garden at slike ruinar som nemnt over «kalla tilbake ei fortid og vekte ei kjensle av medynk delt med melankoli». Ruinar hadde blitt ei form for etterleivning og relikvie som kunne framkalla ei kjensle av ei tapt fortid. Nygotikken var ikkje interessert i dei klassiske estetiske prinsippa, men i dei tankane og kjenslene som blei vekte via assosiasjonar og antydingar. Såleis kunne ein byggja ein falsk ruin som var ven og behageleg for auget.[2]

Talrike ruinar av festningar, slott og klosterbygningar fekk utover 1800-talet ei særskilt symbolsk meining. Romantiske kunstnarar som blant anna Caspar David Friedrich var tiltrekt og uttrykte dei i kunsten. Ruinen av Dunstanburgh Castle i England inspirerte Turner til fleire måleri.

Dagens ruinar kan vernast, noko som òg har skapt debatt. Dagens domkyrkjeruinar på Hamar er blitt omgjevne av ein moderne, monumental glasbygning som lukkar ruinane inne. Det har fått det heile til å framstå som ein hybrid mellom ruinar og ein moderne skulptur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oversettelsen er gjort av Wikipedia.
  2. Neoclassicism and Romanticism: Gothic Revival