Lyonel Feininger
Lyonel Feininger | |
Pseudonym | Feininger, Lyonel Charles Adrian, Feininger, Charles Léonell |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 17. juli 1871, 17. juni 1871 New York by |
Død |
13. januar 1956, 31. juli 1956 (84 år) |
Yrke | kunstmålar, kunstnar, fotograf, illustratør, teikneserieteiknar, lærar, grafikar, teiknar |
Medlem av | American Academy of Arts and Letters, De fire blå, Der Blaue Reiter, American Abstract Artists, Berlin-secesjonen |
Ektefelle | Julia Feininger |
Born | Lore Feininger, Laurence Feininger, Theodore Lux Feininger, Andreas Feininger |
Lyonel Feininger på Commons |
Lyonel Feininger (17. juli 1871–13. januar 1956) var ein tysk-amerikansk målar og grafikar, som var både fødd og døydde i New York i USA.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Foreldra til Feininger hadde innvandra frå Tyskland til New York. Dei mange inntrykka i storbyen formidla Feininger biletleg; både av musikk, tog, båtar, bruer, skyskraparar og framstillinga av leiketøy. Han reiste til Berlin, der han studerte musikk. Etter ei tid byrja han å teikne for moroblad, fyrst for tyske, seinare også for franske og amerikanske tidsskrift.
I Paris kom Feininger i kontakt med Robert Delaunay og han vart kjend med kubistane sine verk. Frå 1913 budde han fast i Tyskland. Han hadde eit nært tilhøve til medlemane i Der Blaue Reiter. Seinare underviste han ved Bauhaus i Weimar og i Dessau. Saman med Vasilij Kandinskij, Paul Klee og Aleksej von Jawlensky danna han i 1924 gruppa Die Blaue Vier.
Feininger var ein av dei målarane som Hitler-regimet fann å vere degenerert, og dermed måtte sjå dei utstilt på Entartete Kunst i 1937, ei utstilling til skrekk og åtvaring. Feininger vende då tilbake til USA. Gjennom arbeidet som kunstlærar, sin forfattarskap og nye akvarellar spela han ei viktig rolle for framveksten av den abstrakte ekspresjonismen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lyonel Feininger» frå Wikipedia på svensk, den 7. oktober 2013.