Vasilij Kandinskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vasilij Kandinskij

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken, Sovjetunionen, Frankrike, Tyskland
Fødd 4. desember 1866
Moskva
Død

13. desember 1944 (78 år)
Neuilly-sur-Seine

Yrke kunstmålar, universitetslærar, biletkunstnar, kunstteoretiker, lærar, advokat, illustratør, grafikar, grafikar, bygningstegner, scenograf, designar, bilethoggar, teiknar
Sjanger målarkunst, grafikk, teori, abstrakt kunst
Medlem av De fire blå, Der Blaue Reiter, Abstraction-Création
Religion ortodoks
Ektefelle Nina Kandinsky, Gabriele Münter
Signatur
Vasilij Kandinskij på Commons

Vasilij Vasiljevistj Kandinskij, (4. desember 186613. desember 1944; fødd 16. desember etter juliansk kalender) var ein russisk målar og kunstteoretikar, fødd i Moskva og oppvaksen i Odessa. Han vert rekna som ein av dei viktigaste kunstnarane i det 20. hundreåret, og den første kunstnaren som laga eit reint abstrakt måleri.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Komposisjon IV, 1911
Til den ukjende røysta, 1916
Komposisjon VIII, 1923

Åra 1886-92 studerte Kandinskij jus, økonomi og etnologi i Moskva. Han arbeidde så nokre år som assistent ved universitetet, men braut av i 1896 og reiste til München. Der gjekk han i lære hos Anton Ažbe, og på kunstakademiet hos Franz von Stuck. I 1901 var han medstiftar av kunstnargruppa Phalanx og underviste på ein skule knytt til gruppa. Mellom elevane var Gabriele Münter, som han levde saman med fram til 1916. Kandinskij arbeidde i dei åra med landskapsstudiar, men skapte under påverknad frå jugendstilen ei rekke gouachar med motiv frå russisk eventyrdikting og folklore, til dømes Buntes Leben i 1907, og han gav ut to album med tresnitt. 1906-07 budde han i Sèvres i Frankrike, der han vart kjend med den franske fauvismen, og han stilte ut eigne arbeid i Paris. Tilbake i München og landsbyen Murnau sør for storbyen, måla han 1908-09 ei rekke landskap i ein kraftig forenkla stil, prega av sterke fargekontrastar. Saman med to vener frå Azbé-skulen, Aleksej von Jawlensky og Marianne von Werefkin, danna Münter og Kandinskij eit lite kunstnarsamfunn.

Omkring 1909 skapte Kandinskij ei ny biletform som han kalla improvisasjonar, impresjonar eller komposisjonar. Landskapselementa vart meir og meir oppløyst, for så omkring 1910-11 å gå over i rein abstraksjon. Komposition IV frå 1911 er eit døme på det sistenemnde. Han braut med 'Neue Künstlervereinigung', som han sjølv hadde vore med å stifte i 1909, og danna Der Blaue Reiter saman med Franz Marc. Dei gav i 1912 ut ein almanakk med bidrag frå mellom andre Arnold Schönberg og Kandinskij sjølv.

I boka Über das Geistige in der Kunst (1912) synte Kandinskij si tru på ei ny, og åndeleg inspirert tidsalder. Han utvikla i boka ei harmonilære, der han beskreiv samanhengen mellom farge og form. Framstillinga av den psykologiske verknaden av fargen drog vekslar på Goethe si fargelære. I 1913 følgde ei samling prosadikt, Klänge, nært i slekt med tre tidlegare utkast til sceniske komposisjonar frå 1909, og minneboka Rückblicke.

Etter utbrotet av 1. verdskrigen måtte Kandinskij forlate Tyskland. Han flytta då til Moskva, der han i 1916 gifta seg med den unge Nina Andrejevskaja. Etter den russiske revolusjonen vart han engasjert i oppbygginga av nye kunstorgan, og etablering av samband til etterkrigstidas tyske kunstnargrupper.

I 1922 forlét Kandinskij Russland og kom via Berlin til Bauhausskulen i Weimar, der han vart lærar på målerskulen og fekk Paul Klee til kollega. Sitt kunstsyn framstilte han i boka Punkt und Linie zur Fläche (1926), som skildrar formoppbygginga av biletet. Etter nazistane tok makta i Tyskland i 1933 reiste han til Paris. Der levde han dei siste 11 åra av livet, i stigande isolasjon.

Kandinskij spela ei avgjerande rolle for utviklinga av det abstrakte måleriet. Den spontane abstraksjonen er inspirert av bileta hans frå perioden 1909-14, medan den geometriske abstraksjonen hentar inspirasjon frå dei seinare verka hans.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]