Der Blaue Reiter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Franz Marc:Tårn av blå hestar, 1913

Der Blaue Reiter (tysk:den blå ryttaren) var ei tysk ekspresjonistisk kunstnargruppe. Ho vart danna i München i 1911 og var aktiv til 1914. Vasilij Kandinskij og Franz Marc var dei to målarane i gruppa med størst innverknad på samtidskunsten.

Der Blaue Reiter vart danna etter at kunstnargruppa 'Neue Künstlervereinigung' hadde refusert Kandinskij sitt måleri Das Jüngste Gericht frå ei utstilling. Kandinskij, Marc, og andre utbrytarar frå Neue Künstlervereinigung. Mellom desse fann ein August Macke og russarane Aleksej von Jawlensky og Marianne von Werefkin.

I åra 1911-14 heldt gruppa fleire store utstillingar i Tyskland. Ho gav også ut bokverket Almanach Der Blaue Reiter som inneheldt artiklar av Kandinskij og Marc, samt samtidskunst og primitiv kunst. Primitivismen var ei viktig inspirasjonskjelde for medlemene av Der Blaue Reiter. Dei henta også inspirasjon fra mellomalderkunst og barnekunst, og var opptekne av abstrakt former. I det heile var Der Blaue Reiter ei vending bort frå ei eurosentrisk og konvensjonell oppfatning av biletkunsten.

Målarane i gruppa var ikkje forplikta til eit felles manifest, men kunstnarane søkte alle mot å uttrykke åndelege erfaringar gjennom kunsten sin. Dei hadde stor tru på den moderne målarkunsten, på samanhengen mellom biletkunst og musikk, og på dei åndelege og symbolske assosiasjonane i den enkelte fargen. Under sjølv målinga, skapinga av verket, la dei vekt på å tilnærme seg og utføre biletuttrykket spontant og intuitivt.

Der Blaue Reiter var den eine av to tyske kunstnargrupper som var viktige for utviklinga av ekspresjonismen, den andre var Die Brücke som vart danna i Dresden i 1905. "Der Blaue Reiter" gjekk i oppløysing då 1. verdskrigen braut ut i 1914.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]