Lysdiode
Ein lysdiode eller ljosdiode (eller LED, light-emitting diode) er ein elektrisk komponent som lyser med eit inkoherent monokromatisk lys når lysdioden vert forspent i framoverretning. Fargen vert bestemt av kva slags halvleiarmateriale som vert brukt, og kan vere ultrafiolett, synleg eller infraraudt lys. Prinsippet byggjer på at elektron-hol-par vert rekombinert over PN-overgangen. Det vert då frigjordt energi, i form av fotonar.
Bruksområde[endre | endre wikiteksten]
I mange tiår har lysdiodar vorte nytta som indikatorlamper for ulike elektriske apparat. Større diodar kan også brukast til belysning.
Føremonar[endre | endre wikiteksten]
Lysdioden har høgre verkningsgrad og varar lengre (over 100 000 timar) enn ei glødelampe (ca 1 000 timar), eller halogenlampe (ca 10 000 timar). Dei nyaste modellane er (tilnærma) ufølsomme for temperaturvariasjonar, risting og vibrasjonar sidan dei ikkje har nokon lause delar.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

- Ledmuseum - alt om lysdioder Arkivert 2007-01-03 ved Wayback Machine.