Mågerø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mågerø er ei lita halvøy nordaust på øya Tjøme i Ytre Oslofjord, 18 km sør for Tønsberg. Mågerø har gått gjennom mange namneendringar og har mellom anna hatt namn som Måkerøy, Måkerø og no sist Mågerø. Opphavleg var Mågerø namnet på halvøya, men då Noreg vart medlem av NATO vart namnet endra til Måkerøy av estetiske omsyn[treng kjelde]. Sidan er namnet endra tilbake til det opphavlege Mågerø.

Mågerø har båthamn, båtbyggeri og militær luftovervakingsstasjon. Luftforsvarets stasjon Mågerø eller Control and Reporting Centre (CRC) Mågerø er den største arbeidsplassen i kommunen etter Tjøme kommune. Her ligg òg kongefamilien sin private feriebustad. Av tryggingsgrunnar er den plassert ved det militære området. Mågerø hadde i over 40 år tre umiskjennelege radardomar som landemerke, synleg for båttrafikk og andre. Desse vart fjerna sommaren 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]