Målselv Mållag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Målselv mållag er eit mållag i Målselv i Troms. Laget er med i Noregs Mållag og Troms og Finnmark mållag.

Styre og medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Målselv mållag blei stifta 18. desember 1947 [1]. Johan Nymo var leiar dei første 29 åra, frå 1947 til 1976[2].

Laget hadde i 2017 41 medlemmar. Leiar i 2017 er Nina Fjeldet.

Lagsarbeid[endre | endre wikiteksten]

Ved 30 års-jubileet i 1977 kunne laget oppsummere at det hadde vore med på å avvikle 27 spelmannsstemner og 10 bygdekunstutstillingar[3]. Det første spelmannsstemnet blei halde i 1949, og i oktober 1970 blei spelmenn frå Nordkalotten invitert, og dermed var det første Kalottspelet på plass. Det første Kalottspelet var eit samarbeid mellom Målselv Mållag og Målselv Spelmannslag.

Målselv Mållag har heilt sia 1963 gitt ut årboka Jul i Bardu og Målselvdalen saman med Bardu Mållag.

I 1979 gav Målselv Mållag ut «Sildrebekken», dikt av Arne Lyngås (44 sider).

I 1997 gav Målselv Mållag ut heftet Dialekter i Målselv og Bardu, skrive av Brit Mæhlum. I samband med dette heftet gav mållaget i 1998 ut ein CD med Dialektprøver frå Målselv og Bardu.

I 2017 markerte Målselv Mållag 70-årsjubileet sitt, sjå omtale i Nye Troms og hos Noregs Mållag.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Målselv Mållag 30 år». Jul i Bardu og Målselvdalen. Årbok 1977, side 20-21.
  2. «Målselv Mållag 30 år». Jul i Bardu og Målselvdalen. Årbok 1977, side 20-21.
  3. «Målselv Mållag 30 år». Jul i Bardu og Målselvdalen. Årbok 1977, side 20-21.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]