Målselvfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Målselvfossen
Malangsfossen
foss
Maalselvfossen-2011.jpg
Målselvfossen i 2011
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Målselv
Elv Målselva

Målselvfossen, òg kalla Malangsfossen, er eit fossefall i Målselv kommune i Troms fylke.

Fossen går i tre stryk med ei fallhøgd på 15 meter og er 600 meter lang. Langsetter fossen går det ei 450 meter lang laksetrapp, som er skoten inn i fjellet. Til laksetrappa er det bygd eit laksesjå, der publikum kan observere gyteklar laks som sym mot gyteplassen lenger oppe i elva.

Vassdraget er lenger oppe regulert til vasskraft ved Dividalen kraftstasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]