Månefase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Månefasane. 1 er nymåne, på 2-4 er månen i ny, 5 er fullmåne, og på 6-8 er han i ne.

Månefase synar til skilnaden i utsjånad på den synlege delen av månen sett frå jorda. Månefasesyklusen tek om lag éin månad, og er bakgrunnen for denne tidseininga.

Ein halvdel av månen er alltid opplyst av sola (sett vekk frå månemørking når jorda skuggar), men tilhøvet mellom dei tre himmellekamane gjer at ein frå jorda ofte berre ser ein del av den opplyste sida. Månefasen der ein ser heile måneskiva vert kalla fullmåne, medan fasen der ein nesten ikkje ser månen vert kalla nymåne. I mellomfasane er månen ein halvmåne som er i ny når den synlege delen veks fram mot fullmåne, og i ne når han minkar mot nymåne. Første kvarter er når månen er i voksande, austleg kvadratur, og nøyaktig halvparten av den lyste overflata er synleg frå jorda, siste kvarter er når halvmånen er minkande.

Månefasane gjentek seg på dei same datoane kvart 19. år. Ein slik syklus vert kalla Meton-syklus.

Animasjon av månefasane sett frå den nordlege halvkula

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Månefase
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.