Mærvollspollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°14′52″N 13°37′05″E Mærvollspollen er ein fjordarm av SteinsfjordenVestvågøy i Lofoten. Fjorden strekkjer seg om lag 2 km austover til grenda Saupstad inst i fjorden.

Fjorden har innløp mellom Steinsodden i sør og garden Sortland i nord. Sør for Steinsodden ligg Tangstadpollen. På nordsida av fjorden ligg grenda Mærvoll som har gjeve han namn. Fv992 går langs gardsbruka på nordsida.