Móstoles
Utsjånad
| Móstoles | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Madrid | ||
| Areal | 45,36 km² | ||
| Folketal | 214 817 (2025)[1] | ||
![]() Móstoles 40°20′00″N 3°52′00″W / 40.333333333333°N 3.8666666666667°W | |||
| Wikimedia Commons: Móstoles | |||
Móstoles er den tredje største byen i Regionen Madrid i Spania. Móstoles var lenge berre ein liten landsby, men voks kraftig på 1900-talet. På sett og vis er han ein studentforstad til Madrid, men har òg nokre «polígonos» (industribygg).
Byen ligg 18 km sørvest for sentrum av Madrid, i den sørlege delen av storbyområdet. Nærleiken til den spanske hovudstaden har ført til sterk demografisk utvikling dei siste tiåra. På 40 år har byen gått frå å vere ein landsby på kring 4000 innbyggjarar til kring 210 000 innbyggjarar i dag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Instituto Nacional de Estadística (13. desember 2025), Padrón municipal de España de 2025, Wikidata Q137426716
- Denne artikkelen bygger på «Móstoles» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2009.

